Rekordbesøk!

Sommarsesongen er over, hausten har komme til Moster Amfi. Det betyr ikkje at dagane har mindre innhald, men det har iallfall gjeve oss tid til å summera besøkstala våre. Tala viser at dei travle dagane er eit resultat av rekordbesøk! Frå januar til august, har heile 23.000 menneske vitja Moster Amfi. Kven er alle desse […]

Sommarsesongen har starta!

Det er sommar i Moster Amfi og du er hjarteleg velkomen! Kvar dag kan du oppleva eit varmt vertskap som vil gjera opphaldet ditt så godt som mogeleg! Her kan du vera med på omvisning i Moster gamle kyrkje, sjå utstillinga «Frå heidendom til kristendom» og gå ned «under jorda» for å oppleve steinutstillinga, «Steinriket […]

NRK Vestlandsrevyen

Fekk du med deg innslaget i NRK Vestland, når dei vitja Moster Amfi? Her er lenkje til det flotte innlegget: Distriktsnyheter Vestlandsrevyen – 26. april kl. 19:45 – NRK TV

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, vitja Moster Amfi

Moster Amfi var vertskap, då Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, vitja Mosterhamn, den 25. april 2022. Saman med Fortidsminneforeningen sin generalsekretær, Ola Harald Fjeldheim, myndighetskontakt Bo Alexander Granbo og dagleg leiar i avdeling Hordaland, Ida Pettersen, ynskte dagleg leiar i Moster Amfi, Nina Meldahl Olsen, det offisielle besøket velkomen. Omvisning og informasjon om Moster Gamle […]

Kalknetter i Mosterhamn

Me tek oppatt den gamle kalktradisjonen i Mosterhamn. Ein ny «mellomalderomn» er bygd. No skal det brennast dag og natt for å lage kalk til restaurering av gamle stein- og murbygningar på Vestlandet, og du kan vera med! Det er ei stor hending, og me inviterer til å sjå korleis ein kalkomn fungerer. Det er […]

Moster Amfi var med på feiring av Regionalt Pilegrimssenter Bergen

Regionalt pilegrimssenter Bergen er eit av fire regionale pilegrimssentre langs Kystpilegrimsleia. Tirsdag 29. mars var det offisiell opning av senteret, med Moster Amfi og andre viktige aktørar som gjester. Regionalt Pilegrimssenter har som oppgåve å tilrettelegga hjelp og støtte til pilegrimer, næringsliv, organisasjoner og interessenter, ved dei fem sørligaste nøkkelstadene i Vestland fylke. Dei fem […]

Bygging av tradisjonell kalkomn i Mostratunet

Mosterhamn var eit av Vestlandet sine viktigaste kalksentra i gamle dagar. Her tok ein ut marmor og brant kalk frå middelalderen til moderne tid. Moster gamle kyrkje, blei i stor grad bygd av dei lokale ressursane. I historiske omgjevnader vart det invitert til kurs i tørrmuring og bygging av tradisjonell kalkomn i vinterferien. I dag […]