Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

«MISERABILES PERSONAE» I MOSTER AMFI

Velkomen til utstillinga «MISERABILES PERSONAE – dei svake i samfunnet» i Moster Amfi.

Utstilinga er open: KL. 11.00 – 16.00 (tirsd.-sønd.) Gratis for born.

‍Velkomen til vandreutstillinga om Magnus Lagabøters Landslov, ei utstilling som oppmuntrar til leik og læring. Utstillinga er laga for både barn og vaksne, og passar godt for ulike aldersgrupper som ønsker å læra meir om lova si betyding for det norske samfunnet.

Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 var kjent for si omsyn til dei fattige. Dette er utgangspunkt i vandreutstillinga som formildar barn-og svake samfunnsgrupper sine kår i det norske mellomaldersamfunnet.

«Olav» og «Sunniva», to maskotar i utstillinga frå Moster Skule, er våre born i denne flotte utstillinga. Her kan du lesa om deira barndom på Moster, korleis livet deira var i 1280.

Utstillinga «Miserabiles Personae» skal vera på reise til 2024, til landslova fyller 750 år. Utstillinga vil vera tilgjengeleg i Moster Amfi fram til 26. juli, 2023.

Norsk barnemuseum ved Museum Stavanger har produsert utstillinga saman med professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde(UiO), professor i historie, Erik Opsahl (NTNU) og formgjevar Ståle Ådland.

Les meir om utstillinga her: https://www.stavangermuseum.no/aktuelt/vandreutstilling-miserabiles-personae og her https://moster2024.no/arrangementer/vandreutstilling-miserabiles-personae-dei-svake-i-samfunnet

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024