Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Om oss

Dette er Moster Amfi

I ei nedlagd marmorgruve ligg Moster Amfi – og kyrkjehistoriske senter idyllisk til. Moster Amfi si viktigaste oppgåve er formidling av den nasjonale kyrkjehistoria som har sitt utspring i to viktige hendingar på Moster; kristninga av Noreg i 995 og kristenretten som vart sett på Mostratinget i 1024. Moster Amfi tek vare på ein del av Olavsarven. Forutan å vera eit formidlingssenter, fremmar Moster Amfi kunst og kultur og jobbar for å vera eit attraktivt reisemål.

Opningstider

Velkomen til Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter.

Veke 41 – Haustferieveka – er Moster Amfi ope laurdag, tirsdag og laurdag, kl. 12:00-15:00.

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er elles ope på førespurnad for små og store grupper. Ta kontakt via e-post: post@mosteramfi.no

Her kan du vitja:

Moster Gamle Kyrkje (utanom sommarsesong, kun på førespurnad)

«Frå makt til rett – kven har makt?» Permanent utstilling som gjev rom for refleksjon og som er ytterst relevant!

«Frå heidendom til kristendom» Du blir med 1000 år tilbake i tid, i brytninga mellom vikingsamfunnet og kristninga av Norge

«Steinriket Bømlo»Ein gruvetunnell som let deg komma tett på historie og Bømlo sin rike geologi

Moster Amfi er nøkkelstad nr. 6 i Kystpilegrimsleiden og du har høve til å få stempel i Pilegrimspasset ditt, eller kjøpe pass i vår Kaupang.

Ta kontakt på e-post eller telefon, så skreddersyr me eit opplegg!

I Moster Amfi kan du utforska fortid og notid – på eiga hand eller med andre!

 

 

Praktisk info

Universell utforming

Mykje av området vårt er tilpassa universal utforming.

Kart over området

Våre samarbeidspartnarar og sponsorar

Hovudsamarbeidspartnarar

Fortidsminneforeningen Hordaland

Klostergaten 28
5005 Bergen

Hordaland avdeling har kontor i foreningens eiendom Stranges Stiftelse.

Moster 2024

Moster Amfi og Kyrkjehistoriske senter
Postboks 18, 5447 Mosterhamn

Hovudsponsorar

Tilsette og styret

Tilsette

Styret

Arild Steinsland

Styreleiar

Jorunn Mæhle Helgesen

Styremedlem

Silje Espeland Sivertsen

Nestleiar

Geir Arne Hilt

Styremedlem

Sigbjørn Framnes

Styremedlem

Meny

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Generell førespurnad

Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.