Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Historiske Moster

Moster

Havet og kystleia har vore viktig som næringsgrunnlag, men og for handel, maktspel og nye impulsar frå det store utland. Midt i kystleia på Vestlandet ligg Moster med den lune, trygge hamna Mosterhamn. Store vikingkongar har vore i land her og sett avgjerande nasjonalhistoriske spor etter seg.

Tora Mostrastong

Thora Mostaff
Tora Mostrastong vert omtalt av Snorre. Ho høyrde til ei av dei gjævaste ættene på Vestlandet i vikingtida, Horda-Kåre ætta, og kom frå Moster.

Tora tyder den «kjempesterke». Ho var ei staut og vakker kvinne og truleg høgreist og stolt i og med tilnamnet ”Mostrastong”. Som ung jente kom ho i teneste hos Harald Hårfagre som var konge i Noreg ca. 872-933. Ho vart ei av frillene hans og fekk ein son med han då Harald Hårfagre nærma seg 70 år. Denne guten fekk namnet Håkon Haraldson Adalsteinsfostre.

Tora Mostrastong viste både mot og handlekraft då ho krevde sin rett overfor barnefaren Harald Hårfagre. Ho sørgde også for å få henta sonen heim frå England for å overta kongsmakta i Noreg.

Eigenskapane til Tora blir heidra kvart år i Moster Amfi gjennom utdeling av Toramostrastongprisen ved foreninga Tora Mostrastong. Æresprisen går til ei kvinne i Noreg som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats.

Håkon Haraldsen Adalsteinsfostre

1.kristningskonge

Håkon 1.

Levde år: ca 918-961

Regjeringstid: ca. 933 - ca. 961

Håkon den Gode

Håkon den gode vart oppfostra som kongsemne og kristen hos kong Athelstan i England. Håkon den gode er kjent som den første kongen som prøvde å innføra kristendommen i Noreg. Dei nye impulsane vart ikkje godt mottekne. Kyrkjene han bygde vart brende, og prestane han tilsette vart drepne.

Tilnamnet den gode fekk Håkon fordi han var den første av rikskongane som tala bøndene si sak. I samarbeid med bøndene grunnla han «leidangen», ein effektiv forsvarsorganisasjon basert på verneplikt.

Håkon er også kjent for omorganisering av dei to store bondetinga på Vestlandet og i Trøndelag; Gulating og Frostating.

Han fekk banesår i kamp på Fitjar i 961 og døydde på Hella, same staden som han vart fødd.

Olav Tryggvason

I følgje Snorre var Moster den fyrste staden Olav Tryggvason gjorde strandhogg då han i 995 kom heim for å ta kongsmakta og kristna landet. Denne hendinga var utgangspunktet for 1000 års-jubileet for kristninga av Noreg i 1995 på Moster.

«No segla Olav austover havet, og kom seglande av hav ytterst på Moster. Der gjekk han fyrst i land i Noreg, og der let han syngje messe i telta på land. Sidan vart det bygd ei kyrkje på same staden.» (SNORRE)

Snorre fortel at Olav vaks opp i Russland og drog ganske ung på vikingtokt og tok del i mange kampar i østersjølanda, England, Skottland og Irland. På reisene sine vart han kjent med kristendommen og vart døypt i England i 995.

Det er først og fremst kristningsverket som vert knytt til regjeringstida hans, sjølv om ikkje kristninga vart sluttført i hans tid.

Olav Tryggvason – 2.kristningskonge
Olav 1.

Levde år 968 – 1000

Regjeringstid: 995-1000

Olav Haraldsson – 3.kristningskonge
Olav 2. – Olav den heilage
Levde år 995 – 1030

Regjeringstid: 1015 – 1028

Olav Haraldsson

Olav vaks opp på Ringerike hos stefaren Sigurd Syr. 12 år gammal drog han i viking, vart døypt i Rouen ca. 1013 og vende heim til Norge i 1015.

1 1016 sigra Olav i sjøslaget ved Nesjar over dei fremste motstandarane sine og fekk herredøme over eit rike som strakte seg frå Gøta elv i sør til Finnmark i nord, frå Vesterhavsøyane i vest til skogane mot Svearike i aust.

Olav bygde opp ein kyrkjeleg organisasjon og ei lovgjeving bygd på eit kristent verdi- og menneskesyn. Dei fyrste lovene vart vedtekne på Mostratinget i 1024. Kristenretten som vart sett dette året er kanskje den viktigaste og mest avgjerande arven frå Olav når det gjeld statsdanninga av Noreg.

Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29.juli i 1030.
Alt året etter vart lekamen hans tatt opp, erklært heilag av kyrkja og lagt i skrin på høgalteret i Klemenskyrkja i Nidaros.

Biskop Grimkjell

Levde på 1000-talet. Grimkjell var Olav Haraldsson sin hirdbiskop og rådgjevar i kyrkjelege spørsmål. Han blir nemnd både i kongesagaene og i dei gamle norske lovene som den viktige medhjelparen til Olav Haraldsson ved innføringa av kristenretten på Mostertinget i 1024, kor den eldste norske kyrkjeordninga vart fastsett. Han spela også ei viktig rolle i heilagkåringa av Olav Haraldsson i 1031.

Moster Gamle kyrkje

Kyrkja på Moster er blant dei eldste steinkyrkjene i landet og vart bygd som hovedkyrkje for Hordaland. I den første kristningstida var dette ei av få kyrkjer i fylket. Bygginga må ha teke til tidleg på 1100-talet. Opplysningane i Snorre om at Olav Tryggvason hadde bygd ei kyrkje på Moster førte tidleg til at steinkyrkja vart omtala som Olav Tryggvason si kyrkje.

Moster kyrkje er ei av dei enklaste kyrkjebygningane i landet, med kvadratisk kor og rektangulært skip. Den einaste utvendige dekoren er klebersteinsokkelen.

Innvendig er veggene dekka av etter-reformatorisk dekor frå om lag 1620.

Det bevarte interiøret viser at kyrkja har gjennomgått ei stor omforming innvendig tidleg på 1600-talet. Det som gjer kyrkja på Moster så spesiell, er at det gamallutherske kyrkjerommet er så godt bevart.

Eigarane av kyrkja i dag er Fortidsminneforeningen avdeling Hordaland.

Kystpilegrimsleia

Kystpilegrimsleia er namnet på pilegrimsleia frå Egersund og opp til Nidaros. Nidaros var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia opp til Nidaros der relikviane etter Heilag Olav låg. Allereie i 1075 er Nidaros nemnd som ein valfartsstad for pilegrimar. Å reisa som pilegrimar langs norskekysten kunne bestå av fleire stopp på vegen og kunne vera ei farleg reise med tøft ver og piratar.

Ein pilegrim er ein person som av åndelege grunnar reiser til ein heilag stad. For mange var helgengraver og relikviar målet, for andre var det sjølve ferda som var målet.

Kystpilgrimsleia i dag skal gje ei djupare forståing av det kulturhistoriske og religiøse aspektet ved pilegrimstradisjonen. Det er ei reise kor ein kan oppleve kysthistorie, kulturminner og kyrkjehistorie, men på same tid auka miljøforståing og fremma aktivitet og folkehelse.

Frå Egersund til Nidaros er Moster peika ut som ein viktig stoppestad på vegen med Moster Gamle Kyrkje som eit viktig kulturminne og ein av nasjonalskattane i Noreg.

Kjelde:
https://nn.wikipedia.org/wiki/Kystpilegrimsleia#cite_note-3

Moster 2024

Innføring av kristenretten 1000 år. Moster 1024 – 2024

900-årsjubileet for innføringa av kristenretten vart feira 29. juli i 1924 i nærvær av kong Haakon VII og fleire tusen deltakarar. Då vart krossen på Vetahaugen reist.

I 2024 markerar me at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte Kristenretten på Mostertinget. Med dette feirar me starten på rettsstaten og demokratiet Noreg. I 2024 skal det fokuserast på verdiane Noreg er bygde på og løfte fram den store samtalen om kva Noreg skal vera i framtida.

Jubileet skal ha ekstra fokus på born og unge; generasjonane som skal forme framtida. Dette skal bli ein ny folkefest på Moster slik som i 1995!

Kyrkja i Noreg 1000 år. Moster 995 – 1995

Hovudfeiringa fann stad på Moster nokre vakre sommardagar i juni 1995. 1000 år hadde gått sidan Olav Tryggvason kom seglande over havet og gjekk i land på Moster med biskop og prestefylgje. For 1000 år sidan vart det, slik Snorre skriv, feira messe i telta på land. I 1995 vart det både messer, konsertar, folkeliv og folkefest på Moster.

Aldri før har det vore eit liknande kyrkjemøte i Norge, sannsynlegvis ikkje i heile Norden. Gjester frå inn- og utland tok del i festen, med det norske kongeparet, stortingspresident, statsminister, patriarken frå Konstantinopel, kardinalen frå Vatikanet, kyrkjeleiarar frå heile Norden og eit samla norsk bispekollegium i spissen.
Eit folkeleg engasjement og ei dugnadsånd frå alle medverkande saman med det fine været, gjorde dagane på Moster til ei eventyrleg oppleving for alle som var til stades.

Profesjonsutsegner

Les alle profesjonsutsegnene her.

Geopark Sunnhordland

Moster Amfi har formidla den 10 000 år gamle geologihistoria til Steinriket Bømlo i mange år med særeigen steinutstilling i gruvegangen i Moster Amfi.

Den geologiske arven og kulturen til øyriket, fjorden og fjella i Sunnhordland fekk status som Norsk Geopark i 2018.

Moster Amfi saman med Sunnhordland museum og Folgefonnsenteret er hovudportalar for Geopark Sunnhordland. Hovudportalane skal formidle informasjon om dei mange geologiske besøksmåla og sunnhordlandssjela som ligg i landskapet og kulturen vår.

Målet er at små og store aktivt tek turen ut for å utforske landskapet me bur i og studere geologien som på ulikt vis er merka av landskapsforminga og tidens tann.

Mostraspelet

Dei to Mostraspela skildrar dramatiske brytingstider i Noregssoga, då Moster stod i sentrum for viktige historiske hendingar. I nokre timar vert publikum dregne attende i tida, og blir vitne til korleis desse store omveltingane i samfunnet også sette sine spor i einskildmennesket. Nasjonalhistoria vår vert gjort levande på historisk grunn av Bømlo Teater som har sett opp desse sogespela sidan 1984.

«Kristkongane på Moster» av Johannes Heggland hadde premiere i 1984 og vart vist kvart år fram til 2013 og i 2015.

«I slik ei natt» av Svein Tindberg hadde premiere i 2016. I over 30 år har Bømlo Teater samla nesten 100 aktørar og musikarar på utescenen til historiske dagar i Moster Amfi for å framføra Mostraspelet.

Meny

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Generell førespurnad

Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.