Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Historiske Moster
Kva skjer
Opplevingar
Kafeen
Gjestebod
Om oss

Velkomen til Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter

Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland. Her kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Noreg og besøkje Moster gamle kyrkje. I tillegg arrangerer me ei rekke kulturopplevingar både på utendørsscena, i amfisalen og i kafeen.

SOMMAROPE  23.06. – 16.08. 2026:

Tirsdag – Søndag, kl. 11:00 -16:00.

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter forvaltar nasjonalhistoria og tilbyr historiske opplevingar og guida omvising. Billettar kjøper du i resepsjonen ved hovudinngang.

Moster Gamle Kyrkje (merk: siste omvising kl. 15:00)

«Frå makt til rett – kven har makt?» Ny permanent utstilling med fokus på kor viktig det er å ta vare på og verna om verdiar og demokratiske prinsipp som ligg til grunn for samfunnet vårt i dag.

«Frå heidendom til kristendom» Opplev siste del av vikingtida då det gamle verdsbildet vart utfordra og overvunne gjennom innføringa av kristendomen i Noreg.

«Steinriket Bømlo» Bli med ned i vår eigen gruvetunnel der du får eit spanande innblikk i geologien og bergverksdrifta på Bømlo frå steinalderen og fram til moderne tid.

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter har eigen kafè der det er høve å kjøpe «søtt og salt».

Moster Amfi er nøkkelstad nr. 6 i Kystpilegrimsleiden og du har høve til å få stempel i Pilegrimspasset ditt, eller kjøpe pass i vår Kaupang.

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er også open på førespurnad. Ta kontakt på e-post eller telefon, så skreddersyr me eit opplegg!

I Moster Amfi kan du utforska fortid og notid – på eiga hand eller med andre!

neste arrangementer PÅ MOSTER AMFI
Ingen arrangement funnet!

Aktuelt

Sommarjobb som vertskap?

Moster Amfi søker sommarvertar for sommarsesongen 2025 Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er eit kulturhistorisk senter med guiding i Moster gamle kyrkje og fleire utstillingar

Frå makt til rett – kven har makt?

I samband med Riksjubileet for innføring av Kristenretten, opna stortingspresident Masud Gharahkhani den nye permanente utstillinga «Frå makt til rett – kven har makt?» i

Feira fortid – forma framtid!

Siste veka i mai og starten av juni 2024, feira tusenvis av menneske Kristenretten og nasjonaljubileet, som vart halde i Moster Amfi og Mosterhamn. Ei

Kulturkalenderen

Januar

Februar

Mars

April

Mai

Juni

Juli

August

September

Oktober

November

Desember

GJESTEBOD

Ei unik ramme kring ditt arrangement!

– privat merkedag eller firmatilstelling –

Moster Amfi gir deg ei unik ramme rundt ditt arrangement! Vigsle, bryllaupsfest, konfirmasjon, dåp, minnestund, jubileum, seminar eller klubbkveld med venninnegjengen – me har rom for både større og mindre gjestebod, og skreddarsyr arrangementet etter dine ønske. Aktivitetar og historiske vandringar kan sjølvsagt inngå i pakken!

I Moster amfi legg me til rette for at dagen skal bli akkurat slik du ønsker.

Følg oss på Instagram og tagg biletet ditt på Instagram med #mosteramfi og dei vil dukke opp i feeden på Instagram!

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024