


På norrønt tyder Kaupang handelsstad. I Kaupangen vår kan ein finne eigne produkt, lokale handverksprodukt, souvenirar; unike gåver å ta med.
Ferdasmykke er vårt første produkt. Dette er eit handlaga sølvsmykke laga av Gullsmio på Bømlo. Smykkekolleksjon er inspirert av historia om Håkon den Gode som vart sendt til England som unggut for å bli oppfostra som kongsemne, medan Tora Mostrastong stod att i Noreg. Smykket er ein hyllest til modig ungdom og sterke kvinner; ein flott amulett å ha med på ferda. Kun å få kjøpt i Moster Amfi.
Våren 2021 uvidar me Kaupangen!