Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

8 mill til bygg og anlegg i Moster Amfi!

8 mill til Moster Amfi framfor markeringa av Kristenretten i Landslov-jubileet 2024. I samband med 750 års jubileet for Magnus Lagabøte si Landslov vil Vestland fylkeskommune ha markeringar fleire stader med arrangement relatert til både kulturliv og forsking. Moster vil stå sentralt i jubileet sidan ein vil sette søkjelyset på Kristenretten til Landslova.

Derfor løyver vi 8 millionar til Moster Amfi, som ein viktig og regional kulturarena, seier Geir Kjell Andersland (V) og Trude Brosvik (KrF) på vegne av fleirtalspartia (Sp, Ap, MdG, SV, V og KrF) på fylkestinget.

«Moster Amfi er ein god scene for kultur, og markering av Kristenretten er svært viktig inn i vår tid», meiner KrF-politkaren Trude Brosvik. Som understrekar at jubileet også har fleire forskingsprosjekt knytt til seg, og at det ma skal vere ein internasjonal forskarkonferanse knytt til jubileet ved UiB hausten 2024.

«Tema for 750-årsjubileet er Fridom, Rettsvern og Likeverd. Banebrytande då Landslova kom, og framleis svært aktuelle verdiar å løfte fram, ikkje minst for born», seier Geir Kjell Andersland (V) som gler seg over at fleirtalet sett av pengar til Moster Amfi.

Fylkesordførar Jon Askeland har engasjert seg sterkt for å få til gode rammer rundt jubileet. Fylkesordføraren seier at løyvinga er viktig for å få gjort ein del anleggsmessige utbetringar før jubilèet, og at løyvinga fordrar at dei to organisasjonane Moster Amfi og Kyrkjehistoriske senter og Moster 2024, som arrangerer jubilèet, samarbeider tett og raskt for at jubilèet i 2024 skal skina når Kongen og publikum kjem. «Eg gledar meg stort til jubilèet i 2024, og eg er særleg glad for at ungdom er trekt så sterkt inn i markeringa. «Feira fortid, forma framtid» er eit flott motto for eit jubileum av den første Landslova!», seier ein glad fylkesordførar.

Magnus Lagabøtes landslov, ofte berre kalt Landslova, er ei lovbok for Noreg som tredde i kraft i 1274. Landslova avløyste dei fire landskapslovene for Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting, og gjorde at Noreg fekk ei felles lovbok. Landslova som blei ferdigstilt i Bergen i 1274, var den tredje riksdekkande lovboka i Europa og eit viktig verk i både norsk og europeisk rettshistorie.

I Moster Amfi er ein i lukkerus, seier dagleg leiar, Nina Meldahl Olsen. Dette var svært gledeleg og kjem godt med i høve oppgradering av bygget og anlegget vårt. Hovudsak i neste styremøte i Moster Amfi vil vera korleis nytte midlane, til noko varig for barn og unge. Meldahl Olsen er oppteken av å trekkje dei historiske linjene, frå fortida vidare inn i framtida.

Styret i Moster Amfi har jobba intenst med å skaffe midlar til oppgradering av anlegget frå forrige jubileum, i 1995. Meldahl Olsen legg vekt på kor viktig det er å ta vare på dette unike kulturhistoriske regionsenteret i Vestland. Me er svært takksam for at Vestland Fylkeskommune, eine eigaren vår, ser kor viktig senteret er og forvaltninga av nasjonalhistorien som ligg på Moster.

Det er også sendt søknad til Bømlo Kommune, den andre eigaren vår, om midlar til anlegget. Me satsar på at dei har noko å gi i 2023, som er øyremerka oppgradering av anlegget. Moster Amfi er avhengig av opprustning for framtid og at noko varig står att etter jubileèt i 2024.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024