Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

SOMMAR-sesongen er her!

Skuleferien har starta og Moster Amfi bles i gang sommarsesongen! Dørene er opne kvar dag (forutan mandagar), frå klokka 11:00-16:00, juli og august månad.

Ta med deg familien din på dagstur og opplevingar i vårt vakre amfi! Utforsk Moster gamle kyrkje, opplev vikingtida i vår permanente utstilling «Frå heidendom til kristendom», besøk gruvetunnelen og «Steinrike Bømlo», leik og lær i vandreutstillinga «Miserbiles Personae – dei svake i samfunnet», eller ta deg ein rusletur i dei flotte turløypene og ein dukkert i Gruveparken!

Moster Amfi sin kafè byr på Vikingpizza, plyndreplank, boller, brus og is. Her kan du sitje inne eller i Svalgangen vår, med utsikt over den flottaste utescenen i Europa!

Ynskjer du omvising med guide? Klokka 12:00 og 14:00 er det faste omvingsrundar, med oppstart i Moster gamle Kyrkje.

Billettar kjøper du i Amfikafeen.

Velkommen til Moster Amfi!

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024