Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Ella Marie Hætta Isaksen – årets prisvinnar av Tora Mostrastongprisen!

Moster Amfi gratulerer Ella Marie Hætta Isaksen som årets prisvinnar av Tora Mostrastongprisen! Ei veltalande, engasjert ung kvinne!Samtalen mellom Halvor Folgerø og Ella Marie vart ein augneopnar for ein fullsatt Steinsal, kor prisvinnaren fortalte om kor engasjementet for den samiske kulturen kjem frå og kva det kostar.

Det samiske folket har mista mykje av identiteten sin gjennom fleire generasjonar, kor dei forrige generasjonane har kjent på skam i forhold til eigen kultur. Ella Marie sin generasjon er ein stolt generasjon som ønsker å ta vare på identitetsbærarane i den samiske kulturen. Derfor dette engasjementet og aksjonane dei siste åra.

Det kostar mykje å stå på barrikadane, men som ho seier: «Det kostar for mykje å la være». Ella Marie viste til omvisinga ho hadde i utstillinga i Moster Amfi «Frå heidendom til kristendom» og peikte på parallellen mellom den samiske kulturen og den norrøne kulturarven vår som etterkvart forsvann med kristendommens inntog.

«Samisk er hjertespråket og ein viktig identitetsbærar». Det finst 500 ord på samisk for snø. Dersom landområde og reinsbeiter forsvinn, står det samiske språket i fare og dermed også identiteten til urfolket i fare.

«Joik er sjelespråket». For å vise kva ho meinte med dette, joika ho bestefaren.

Fridom, likeverd og rettsvern er verdiar som er viktige mot nasjonaljubileet i 2024, Moster 2024. Born og unge er ei hovudmålgruppa. Som forvaltar av nasjonalhistoria gratulerer Moster Amfi nok ein gong til ei sterk, ung kvinne som samfunnet treng!

Ein verdig vinnar av ein viktig pris!

❤️

Tusen takk til,

styret i Toraprisen for eit særdeles godt val av prisvinnar og for eit viktig og flott samarbeid.

Øystein Lund Olafsen for sin alltid eminente tilstedeværelse ved pianoet.

Ingrid Mjanger og Camilla Nesse Skaret som med sine vakre stemmer sette stemninga.

Vestland fylkeskommune

Bømlo kommune

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024