Workshop Commedia dell’Arte

  • 19:00

Saman med teatergruppa Mondonovo Cultura frå Venezia inviterer me til workshop, kvelden før framsyninga av Il sogno di Arlecchino. (Arlecchinos dream)

Me blir kjent med den italienske kunstformen Commedia dell’Arte, med masker, pantomime, dans, song og improvisasjon. Alle interesserte kan bli med, me skapar opplevinga saman og forkunnskapar er ikkje nødvendig.

På workshopen formidlar og demonstrarar aktørane i Mondonovo den historiske påverknaden Commedia dell’Arte har hatt på den europeiske kulturen, frå Shakespeare til Dario Fo, og at teaterformen framleis er levande og aktuell og tilpassar seg moderne kunstuttrykk.

Dei viser og korleis teater som kunstform er ein viktig del av samfunnet og eit naturleg instinkt hos menneske, forståeleg på tvers av språk og landegrenser.

Velkommen til workshop. Dette blir kjekt!

Video frå workshop i 2017.

https://www.facebook.com/mondonovo.teatro/videos/916102445221494/