Utstilling Moster skule 02.03-18.03

  • 12:00

Me inviterer igjen store og små til Moster skule si kunstutstilling!

Her kan du sjå mange flotte elevprodukt, laga med ulike teknikkar og i ulike materiale. Elevane har blant anna laga maleri, flott street-art og stilige insektshotell. Dei har jobba med pappmasje, ulikt trearbeid og laga kollasj.

Her blir det og ei flott samling med ugler i ulikt materiale, i tillegg til kreativ søppelkunst.

Ta med familie og vener og kom!

Offisiell opning: Fredag 2. mars kl. 12.00
Opnar: Morten Helland
Musikkinnslag: Moster skule