Sunnhordland Kammerorkester

  • 17:00

Dirigent: Lars-Erik ter Jung
Solist : Sara Belic (fiolin)

Sunnhordland kammerorkester vil spela eit variert program med klassiske og nyare verk for strykeorkester. Ein vil få høyre Haydn og Mozart, samt den polske komponisten Andrzej Panufnik og eit nytt verk av dansken Thorkil Høgsbro, inspirert av samisk joik.

Hovudverket på konserten blir satsar frå Modest Mussorgsky: «Bilder på en utstilling» i eit arrangement for strykeorkester av den engelske komponisten Jaques Cohen frå 2009.
Verket er opphavlig for piano (1847),men er seinare arrangert for ulike instrument og ensemble – mest kjent er Ravels versjon for symfoniorkester frå 1922.

Sara Belic er 14 år, bur på Bremnes og er elev i Bømlo kulturskule.
Ho vil vera solist i 1. sats av Haydn sin Fiolinkonsert i G dur

Sunnhordland Kammerorkester
– har som føremål å stimulera strykarmiljøet i regionen gjennom eit samarbeid over kommunegrensene. Hovudmålet er å gjere det mogleg for vidarekomne ungdom i Sunnhordland å få spele kammermusikk på høgt nivå. Kammerorkesteret er først og fremst eit tilbod til dei vidarekomne elevane ved kulturskulane i regionen og musikklina ved Stord vidaregåande skule. Orkesteret består av ungdomar, vaksne, amatørar og profesjonelle musikarar frå Sunnhordland. Kammerorkesteret har base på Stord, men held konsertar i heile regionen, og gjerne saman med lokale musikarar og kor. Orkesteret blei starta i 1984 og har gjennom åra hatt mange flotte konsertar og samarbeidsprosjekt. Våren 2018 tel orkesteret 25 medlemer som kjem frå kommunane Stord, Bømlo og Kvinnherad, Sveio, Etne og Fitjar. Lars-Erik ter Jung er orkesteret sin faste dirigent.

Lars-Erik ter Jung
– har dirigert m.a. Oslo Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret, Stavanger Symfoniorkester, Det Norske Kammerorkester, Trondheimsolistene og Oslo Sinfonietta. Han dirigerte BIT20 Ensemblet på opninga av det nye biblioteket i Alexandria i Egypt i 2002, og han har sidan vore attende i Egypt to gonger som dirigent for Kairo Symfoniorkester. Han har dirigert Svenska Kammarorkestern og Cheltenham Chamber Orchestra, og i 2011dirigerte han ensemblet Asamisimasa på konsert i Berlin. Lars-Erik ter Jung debuterte som fiolinist i 1980, og var m.a. konsertmeister i Bergen Filharmoniske Orkester i 12 år. Arbeidet med Sunnhordland Kammerorkester er ein viktig brikke i arbeidet ter Jung driv med å rekruttere dei unge for den klassiske musikken.

Billettar på www.bomlo.net