Moster Amfi søker sommarvertar for sommarsesongen 2025
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er eit kulturhistorisk senter med guiding i Moster gamle kyrkje og fleire utstillingar knytt til både nasjonalhistoria på Moster og geologihistoria på Bømlo, kafèdrift og urtehage. Anlegget ligg i vakre omgjevnader omkransa av Vetahaugen, kulturløype, turløyper og gruvebad.
Moster Amfi har ope alle dagar utanom måndagar i sommarsesongen.
Sommaren 2025 er også musikalsommar, noko som betyr at det vert øvingar i Ute-amfiet i juli med kveldsframsyningar i august. Årets musikal er «The Sound of Music». Under framsyningane i august vert det også behov for kveldsvertar.
Moster Amfi søker etter sommarvertar for sommarsesongen 2025
Det ein kan love er at arbeidsdagane i Moster Amfi er svært varierte med oppgåver som vertskap og guiding, matproduksjon og kafedrift og ulike driftsoppgåver som reinhald, rydding og anna førefallande arbeid.
Me søker vertar som er positive, engasjerte, lærevillige, allsidige, sjølvgåande og glad i å formidle og møte folk, over 16 år og kan kommunisere på engelsk. Me treng vertar til ulike oppgåver og ikkje alle treng å guide.
Har du lyst til å vera ein del av eit engasjert sommarteam i inspirerande omgjevnader?
Send søknad og CV til:
Søknadsfrist: 20.mars 2025
Det som må kome fram i søknaden:
Kvifor du ønsker jobben, eigenskapar, alder, kva for arbeidsoppgåver du trivst med og periodar i løpet av sommaren du ikkje kan jobbe.
Me gler oss til å høyre i frå deg!