Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Rekordbesøk!

Sommarsesongen er over, hausten har komme til Moster Amfi. Det betyr ikkje at dagane har mindre innhald, men det har iallfall gjeve oss tid til å summera besøkstala våre. Tala viser at dei travle dagane er eit resultat av rekordbesøk! Frå januar til august, har heile 23.000 menneske vitja Moster Amfi.

Kven er alle desse flotte menneska som kjem over dørstokken vår? Aktiviteten på huset er høg, både i vekedagar og helger. Mesteparten av våre gjester er «kvardagsbesøk». Det vil sei syklisten frå Molde, Mostringen som låner bok i bibliotekshjørnet, barnehagen som er på omvisning, ungen som kjøper is eller båtfolk som tek ein vandretur. Det er besøk av pilgrimsfararen, musikaren som vil ha inspirasjon, bryllaupsgjester frå inn- og utland, skodespelarar og konfirmantar!

Det er altså små og store, unge og eldre, lokale, nasjonale og internasjonale gjester. Nokre er her for fyrste gong, som sommaren sine langveisfarande gjester frå USA. Dei hadde tatt turen i håp om å finne att familie og sjå kvar si slekt utvandra frå. Vertskapet i Moster Amfi gler seg over alle desse møta! Kvar og ein med si unike historie, som me er så heldige å få ta del i!

Dei store oppsetjingane som blir spelt ut i vårt vakre amfi er sjølvsagt det mange assosierar Moster Amfi med. Hittil i år har både «I slik ei natt» av Bømlo Teater og «Hekseringen» av Kompani Andersen, begge blitt spelt til utsolgte framsyningar. I tillegg har danseforestillinga LAND vore her, VAMP har hatt konsert, det samme har Daniel Kvammen, lokale talent har fått blomstra gjennom Sunnhordlandsrøyster og fleire andre.

Desse flotte oppsetjingane fører til at det sydar med folk i heile amfieet! Utsolgte forestillingar gjer at det er over 1100 menneske i sal og scene! Slike arrangement er gull verdt for oss og skaper gode synergier rundt i lokalsamfunnet. Herlige prestasjonar av små og store gjer inntrykk på publikum og på vertskap!

Me gler oss til resten av året og besøk av både deg og andre! Moster Amfi tilbyr kafè, lokaler og mat, til møter og selskap, ope bibliotekshjørne med bibliotekar kvar tysdag, permanent utstilling og mykje meir. Marknad og andre ulike arrangement vil bli annonsert – så følg med!

Me synes presseomtalen «Hekseringen» hausta, er verdt å dela. Har du ikkje vitja Moster Amfi før, vil me tru du blir freista nå:

«Moster Amfi må være en av de aller flotteste scenene i Norge» BT

«Det vakre Moster Amfi er som skapt for ei framsyning som denne – i ei nedlagd marmorgruve» Jan Landro DAG OG TID

«Hekseringen» spilles ut i majestetiske omgivelser i Moster Amfi» BT

«…omgivelsene her får de ellers så spektakulære uteområdene på Fløyen til å fremstå som en First-Price versjon» BT

Tusen takk for besøket! Velkomen til oss!

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024