Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland. Her kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Noreg og besøkje Moster gamle kyrkje. I tillegg arrangerer me ei rekke kulturopplevingar både på utendørsscena, i amfisalen og i kafeen.
SOMMAROPE 23.06. – 16.08. 2026:
Tirsdag – Søndag, kl. 11:00 -16:00.
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter forvaltar nasjonalhistoria og tilbyr historiske opplevingar og guida omvising. Billettar kjøper du i resepsjonen ved hovudinngang.
Moster Gamle Kyrkje (merk: siste omvising kl. 15:00)
«Frå makt til rett – kven har makt?» Ny permanent utstilling med fokus på kor viktig det er å ta vare på og verna om verdiar og demokratiske prinsipp som ligg til grunn for samfunnet vårt i dag.
«Frå heidendom til kristendom» Opplev siste del av vikingtida då det gamle verdsbildet vart utfordra og overvunne gjennom innføringa av kristendomen i Noreg.
«Steinriket Bømlo» Bli med ned i vår eigen gruvetunnel der du får eit spanande innblikk i geologien og bergverksdrifta på Bømlo frå steinalderen og fram til moderne tid.
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter har eigen kafè der det er høve å kjøpe «søtt og salt».
Moster Amfi er nøkkelstad nr. 6 i Kystpilegrimsleiden og du har høve til å få stempel i Pilegrimspasset ditt, eller kjøpe pass i vår Kaupang.
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er også open på førespurnad. Ta kontakt på e-post eller telefon, så skreddersyr me eit opplegg!
I Moster Amfi kan du utforska fortid og notid – på eiga hand eller med andre!


