Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Kystpilegrimsleia

Kystpilegrimsleia er namnet på pilegrimsleia frå Egersund og opp til Nidaros. Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er ein av nøkkelstadane på denne leia. Velkomen til nøkkelstad nummer 6!

Moster er peika ut som ein viktig stoppestad på vegen til Nidaros, grunna den historiske grunnen og mandatet ein forvaltar med formidling av Moster Gamle Kyrkje som viktig kulturminne og ein av nasjonalskattane i Noreg.

I Moster Amfi kan du få stempel i «pilegrimspasset». Har du ikkje pass kan du sjølvsagt kjøpe eit i vår Kaupang. Ynskjer du overnatting har me eit eige hus der det er høve til å overnatta. Telegrafen har fleire sengeplassar, kokemuligheter og rom for sosialt samvær.

Nidaros var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia opp til Nidaros der relikviane etter Heilag Olav låg. Allereie i 1075 er Nidaros nemnd som ein valfartsstad for pilegrimar. Å reisa som pilegrimar langs norskekysten kunne bestå av fleire stopp på vegen og kunne vera ei farleg reise med tøft ver og piratar.

Kystpilgrimsleia i dag skal gje ei djupare forståing av det kulturhistoriske og religiøse aspektet ved pilegrimstradisjonen. Det er ei reise kor ein kan oppleve kysthistorie, kulturminner og kyrkjehistorie, men på same tid auka miljøforståing og fremma aktivitet og folkehelse.

Velkomen til oss!

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024