Feiringa av nasjonaljubileumet for Kristenretten 1024-2024, vart stasleg feira på Moster med kongeleg besøk.
Den 1. juni, under feiringa av Norges kristne og kulturelle arv, segla Kronprinsparet inn til Mosterhamn med Kongeskipet Norge, for å delta i den storslåtte feiringa.
Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkte Moster gamle kyrkje, der dei vart godt ivaretatt av dagleg leiar i Moster Amfi, Nina M. Olsen. Etter stunda i kyrkja signerte dei Tingsteinen, den historiske minnesteinen som markerar staden Mostratinget blei halde. Steinen som ligg mellom kyrkja og Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske Senter, har allereie signaturane til Kong Olav og vårt flotte Kongepar.
Kronprinsparet vår også til stades under den store jubileumsforestillinga i Moster Amfi, der Kronprinsen talte til eit fullsatt uteamfi som bada i sol.
Me satte stor pris på besøket og ynskjer dei hjartleg velkomen attende!