Fyllingsdalen Teater som står bak Hekseringen sette opp framsyninga for første gang i 2017 i Bergenhus festning og sidan oppe på Fløyen. Kompani Andersen har fått rettighetene til å sette opp Hekseringen i Moster Amfi og er godt i gang med arbeidet.
Dette er ei stor oppsetting med mange born og vaksne involvert.
Hekseringen tek oss tilbake til 1665 då heksebrenning og heksejakt foregjekk over heile Europa og også i Noreg. Framsyninga handlar om Kristina og bestevennen Peder som forsøker å redde Kristina si bestemor som blir tiltalt og dømt som heks. Ho står i fare for å bli brent på bålet. Dei to borna må ut på ei farleg ferd, og får erfare trolldom og heksekunster på nært hald.
Framsyninga byr på både humor, spenning, dans, song, flammar, fyrverkeri og høge smell! Kan Kristina og Peder verkeleg klare å redde Besta frå flammane? For å få svar på dette må ein rett og slett få med seg den store utandørsmusikalen i 2022.
Temaet for 2022/2023 fram mot jubileet er rettsvern. Det kunne ikkje passe betre med ei slik framsyning som starten på det nye temaet mot det nye 1000-års jubileet på Moster i 2024!