Kafeen følger opningstidene i Moster Amfi, og menyen varierer etter årstida.
Sjekk ut det sjarmerande bygdebiblioteket i amfiet, ein filial under Bømlo folkebibliotek. Finn deg ei god bok du vil låna, og sett deg gjerne ned med ho inne eller ute hos oss!
Opningstider: Tysdag: 12.00-14.00
Onsdag: 14.00-16.00
PS: For dei som bestiller bøker frå hovudbiblioteket vert det levering kvar tysdag året gjennom. Me held stengt i skuleferiane.
På norrønt tyder Kaupang handelsstad. I Kaupangen vår kan ein finne eigne produkt, lokale handverksprodukt, souvenirar; unike gåver å ta med.
Ferdasmykke er vårt første produkt. Dette er eit handlaga sølvsmykke laga av Gullsmio på Bømlo. Smykkekolleksjon er inspirert av historia om Håkon den Gode som vart sendt til England som unggut for å bli oppfostra som kongsemne, medan Tora Mostrastong stod att i Noreg. Smykket er ein hyllest til modig ungdom og sterke kvinner; ein flott amulett å ha med på ferda. Kun å få kjøpt i Moster Amfi.
Våren 2022 uvidar me Kaupangen!
Moster Amfi AS
Snarvegar
Opningstider
Opningstider:
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er open på førespurnad. Ta kontakt på e-post eller telefon, så skreddersyr me eit opplegg!
Tysdagar er det kafè- og biblioteksdag: Ope kl. 11:00 – 16:00.
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter har eigen kafè som produserer mat til våre booka besøk, samt der det er høve å kjøpe «søtt og salt» og billettar til dei ulike utstillingane.
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter forvaltar nasjonalhistoria og tilbyr guida omvising i Moster Gamle Kyrkje, utstillinga «Frå Heidendom til Kristendom», Steinrike Bømlo (gruvetunnell) og ny utstilling som opna 01. juni 2024: «Frå makt til rett – kven har makt?«.
Treng du overnatting: Ta kontakt på e-post eller i vår kafè.
Moster Amfi er nøkkelstad nr. 6 i Kystpilegrimsleiden og du har høve til å få stempel i Pilegrimspasset ditt, eller kjøpe pass i vår Kaupang.
Eigarar
© Moster Amfi | Design og utvikling av Zpirit