Vandreutstilling: Miserabiles personae – dei svake i samfunnet
Date
Time
Kom innom i Moster Amfi for å lære meir om barndomen i mellomalderen, og om Sunniva og Olav, to bestevener frå ulike kår!
Frå 3. juni inviterer Moster 2024 og Moster Amfi deg inn i Steinsalen i Moster Amfi, til ei vandreutstilling om Magnus Lagabøters Landslov. Utstillinga er laga for både barn og vaksne, og passar godt for ulike aldersgrupper som ønsker å lære meir om lova si betyding for det norske samfunnet.
Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 var kjent for si omsyn til dei fattige. «Miserabiles Personae» er ei nemning for dei fattige og dei som står svakt i samfunnet. Dette er utgangspunkt i vandreutstillinga som formildar barn- og svake samfunnsgrupper sine kår i det norske mellomaldersamfunnet.
I Moster Amfi vil du møte Sunniva og Olav frå Moster. Dei er ti år i 1280. I 1280 finst ikkje «ungdomstid» slik vi har i dag. Skiljet mellom barn og vaksen handlar om når ein kan klare å gjere vakse arbeid i staden. Fattig og rik blir behandla ulikt, og forventingane er forskjellig for gutar og jenter. I Steinsalen i Moster Amfi vil du lære meir om barndomen i mellomalderen, og om å vere bestevener frå ulike kår.
Utstillinga «Miserabiles Personae» skal vere på reise til2024, til landslova fyller 750 år. Neste visningsstad er Mosterhamn på Bømlo frå 3. Juni til 26. juli 2023. Følg med på Moster Amfi sine opningstider!
Norsk barnemuseum ved Museum Stavanger har produsert utstillinga saman med professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde (UiO), professor i historie, Erik Opsahl (NTNU) og formgjevar Ståle Ådland.
Ekstra stor takk til Moster Skule og Sunnhordland Museum som har stilt opp med maskotar og med å skape Sunniva og Olav.
For meir informasjon om utstillinga, les her.
BILLETTPRIS: 100 kr
Billetter kjøper du i Moster Amfi sin kafe.
PS. Utstillinga er gratis for barn og unge opp til 18 år