Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

UTSTILLINGSOPNING: Vandreutstilling i Moster Amfi

Date

jun 03., 2023

Time

12:00 - 13:00

OPNING AV VANDREUTSTILLINGA «MISERABILES PERSONAE» I MOSTER AMFI

LAURDAG 3. JUNI, KL. 12.00 – 13.00

Vi i Moster 2024 ønskjer å invitere deg til opninga av vandreutstillinga om Magnus Lagabøters Landslov, i svalgangen i Moster Amfi, laurdag 3.juni. Utstillinga er laga for både barn og vaksne, og passar godt for ulike aldersgrupper som ønsker å lære meir om lova si betyding for det norske samfunnet.

Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 var kjent for si omsyn til dei fattige. Dette er utgangspunkt i vandreutstillinga som formildar barn-og svake samfunnsgrupper sine kår i det norske mellomaldersamfunnet.

 

Fylkesordførar Jon Askeland vil offisielt opne utstillinga, medan Jørn Øyrehagen Sunde vil halde eit mini-foredrag for barn før vi går inn i Steinsalen. Vi vil også få besøk av «Olav» og «Sunniva», to maskotar i utstillinga frå Moster Skule. Det vil bli innslag frå elevar frå Moster Skule og innslag av mellomlaldermusikk frå musikar Kjetil Braaten. I etterkant vil det bli arrangert formidling med Jørn Øyrehagen Sunde, kl. 13.00.

 

Utstillinga «Miserabiles Personae» skal vere på reise til 2024, til landslova fyller 750 år. Utstillinga vil vere tilgjengeleg på Moster frå 3. Juni til 26. juli, 2023.

 

Norsk barnemuseum ved Museum Stavanger har produsert utstillinga saman med professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde(UiO), professor i historie, Erik Opsahl (NTNU) og formgjevar Ståle Ådland.

 

For meir informasjon om utstillinga, les her.


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024