Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

SUNNHORDLANDSRØYSTER 2023

Date

jun 18., 2023

Time

17:00 - 19:30
Korleis markere starten på skuleferien og sesongstart for Moster Amfi? Med konserten Sunnhordlandsrøyster!
Moster Idrettslag og Moster Amfi inviterer til konsert, der unge, eldre, røynde og urøynde skal få blomstra på ute-scenen i Moster Amfi.
Arrangementet passer alle aldrar og er ein kjekk konsert som ein kan ta heile familien med på! Konserten i fjor var magisk! Me satsar på at det samme skjer i år, der eit mangfold med dyktige artistar på scenen blir trygt losa gjennom av konferansier Heine Totland.
Husbandet består av Ørjan Lægreid på bass, Samuel Nimoson på trommer, Simon Madsen på keyboard og Joakim Vikanes, gitarist og musikalsk leiar.
Gjesteartistane som foreløpig er med:
Frå Stord kjem Ingrid Nesse Belt, Tobias Stenersen, Magnhild Halland. Sandra Lindwall frå Stord tek med seg Tapas. Frå Bømlo får me høyre Mari Birkeland, Anita Myhre og ungdommane Lina Eidet og Natalie Stenersen.
The Jokers, som fekk salen til å koke i fjor, kjem tilbake i år!
Arne Kvarven som i fjor gjekk tilbake i ungdommen og leverte rockelåtar, kjem også. Me er spente på kva han finn på i år!
Velkomen til ein uforgløymelig konsert i Moster Amfi!


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024