Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

SEBASTIAN DÖRFLER – Støttekonsert for Ukraina

Date

mai 11., 2022

Time

19:00

Velkomen til støttekonsert for Ukraina – med Cellist, Sebastian Gregor Dörfler!

Sebastian var seks år gammal, når han for fyrste gong fekk celloundervisning frå faren sin. Etter ein kort periode vart han tatt opp som fullverdig medlem i familien sin strykekvartett.

Han har utdanning frå Interlochen Arts Academy i Michigan, Eastman School of Music i Rochester, New York og «Hochschule der Künste» i Berlin. Lærarar som har undervist er namn som Cris Campbell, Steven Doane, Janos Starker, Aldo Parisot, Harvey Shapiro, Wolfgang Boettcher, Georg Faust og medlemer i The Cleveland Quartet.

Orkesterkarriera til Sebastian starta som student i Eastman, der han spelte med The Rochester Philharmonic Orchestra. Han har også spela i Berlin Philharmonic Orchestra, og vore engasjert i The Deutsche Oper Berlin. I 1995 vart han cellist i Bergen Filharmoniske Orkester. I dag fokuserar han på kammermusikk og undervisning.

Utanom karriera som kammermusikar, har Sebastian opptredd som soloartist i lag med orkester i Tyskland, Spania, USA og Norge, saman med dirigentar som Mario Venzago, Dimitrij Kitajenko, Simone Young, Marc Piollet, Michail Jurowski og Andrew Litton.

Moster Amfi er stolt over å kunne tilby ei slik musikalsk oppleving til inntekt for Ukraina!

PROGRAM

  • Den Ukrainske nasjonalsongen
  • Bach Suite nr 5 i c-moll, BWV 1011
    • Prélude
    • Allemande
    • Courante
    • Sarabande
    • Gavotte I,II,I
    • Gigue
  • Zoltán Kodály Solosonate opus 8
    • Allegro maestoso ma appassionato
    • Adagio
    • Allegro molto vivace

 

Alle inntekter i høve konserten, går uavkorta til Ukraina sin hardt ramma befolkning.

 


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024