Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

MOSTER-SEMINARET 2023: Frå makt til rett – og tilbake igjen?

Date

jun 04., 2023

Time

13:00 - 16:00

Frå makt til rett – og tilbake igjen?

– samtalar om den 1000-årige utviklinga av rettssamfunnet, og situasjonen i Europa i dag

Vi har gleda av å ønskje velkomen til Moster-seminaret 2023! Seminaret har vore arrangert i Moster Amfi sidan 2016 og tar opp Moster si unike historie og tema knytt til staden. Med innføring av Kristenretten starta eit verdiskifte, ein langsam prosess mot eit rettssamfunn med auka omsyn og tillit til individet. Eit verdiskifte som har bidrege til å forma det Noreg vi ser i dag. Desse verdiane vil vi setja lys på i årets seminar gjennom samtalar og foredrag med gjester, leia av jussprofessor Ola Mestad. Vi får også besøk av mannskoret Olavs Menn under seminaret.

 

Erik Opsahl er professor i mellomalderhistorie ved Institutt for historiske og klassiske studiar, frå NTNU. Han arbeidar særleg med nordisk seinmellomalderhistorie og tema som statsutvikling, politisk kultur, aristokrati og andre elitegrupper, samt identitet og lojalitetar. I foredraget hans vil han drøfte korleis Sankt Olav blei eit symbol for eit norsk samfunnsfellesskap med sine lover, sedvanar og politiske strukturar frå mellomalderen og til byrjinga av 1600-talet.

 

Cecilie Hellestveit er jurist og samfunnsvitar med doktorgrad i krigens folkerett frå Universitetet i Oslo. Hellestveit har i tillegg vore knyta til ei rekke forskingsinstitusjonar i Noreg og i utlandet. Ho har arbeida i Forsvaret, ved FNs hovudkvarter, og har lang fartstid i Midtøsten. Hellestveit forskar på væpna konfliktar og folkerett, med særlig vekt på folkerettslig regulering av moderne teknologi gjennom Folkerettsinstituttet. Hellestveit har gitt ut fleire sakprosa-bøker om krig i vår samtid. Ho vil halde eit foredrag med tittelen «Vinner makta fram igjen?»

 

Henrik Syse er filosof, forskar, forfattar og foredragshaldar. Han har mastergrad i politisk filosofi frå Boston College og doktorgrad i moralfilosof frå Universitetet i Oslo. I seminaret ønskjer Ola Mestad å halde ein samtale med Henrik Syse om tema «Rett og makt i ei brytningstid».

 

Ola Mestad er professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo og instituttleder ved Nordisk institutt for sjørett. Han var også leiar for den nasjonale forskingskomiteen for grunnlovsjubileet. Mestad har bakgrunn frå Bømlo, Kulleseid og er medlem i Moster 2024 sin hovudkomite.

 

Seminaret vil avslutta med panelsamtale kor blant anna professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, og direktør for Stiklestad Kultursenter, Heidi Anett Øvergård Beistad, vil delta.

 


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024