Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Kulturskulevekene 2023 – kunstutstilling

Date

feb 04., 2023

Time

12:00 - 14:00

 

Tradisjonen tru, opnar Kulturskulevekene med kunstutstillingsopning laurdag 4. februar kl. 12:00.

Liv Unni Oma, er ny lærar i visuelle kunstfag, og gler seg difor ekstra til utstillinga. Det er dagleg leiar i Moster Amfi som skal opna årets utstilling. «Denne gongen vert det mykje billedkunst, kor elevane har fått øvd seg i ulike teknikkar. Det er flott at dei kan hengast opp og visast fram for alle og ikkje minst at dei unge kunstnarane får oppleve ein skikkeleg vernissage med høge glas og noko å bite i», seier Olsen og legg til: «Det er givande å sjå kor dedikerte både kunst – og musikklærarane er. Kulturskulen som institusjon er bærande i det viktige kulturarbeidet som blir gjort i alle kommunar rundt omkring i landet».

Singel og sand skal krydra utstillingsopninga musikalsk i år.

Det vert høve til å sjå utstillinga fram til 19. februar i Steinsalen i Moster Amfi.

Velkomen!

 


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024