Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Kulturskulevekene 2023 – Konsert

Date

feb 12., 2023

Time

18:00 - 19:00

Velkomen til konsert nummer to, av i alt fire konsertar i Moster Amfi!

Det er tid for Kulturskulevekene i Moster Amfi! «Kunstutstilling og konsertar utanfor skulen kulturskulen sine fire veggar, er ein viktig del av undervisninga. Når elevane kjem til Amfiet vert dei litt høgtidsstemte. Steinsalen i Moster Amfi er ein passeleg stor sal med god akustikk. Her må elevane ut av komfortsona si og våge å spele for publikum», seier Stein Høyland, rektor ved Bømlo Kulturskule.

Dagleg leiar i Moster Amfi, Nina Meldahl Olsen, er glad for at born og unge får vist fram kva dei jobbar med på dei ulike linjene gjennom heile året. «Det er alltid utruleg kjekt med kulturskulen på besøk. Flinke ungar som får vist fram kunst me kan undre og begeistre oss av. Musikk som beveger og gjev oss glede og gode minner. Moster Amfi skal vera ein stad der det myldrar, og når kulturskulen kjem, blir det liv! Kultur er viktig for alle, ikkje minst for barn og unge. Det er fremjande for kreativiteten, engasjementet og meistringskjensla».

Billettar til konserten kjøper du ved konsertstart, i Moster Amfi sin kafè.


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024