Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Kulturskulevekene 2022

Date

feb 05., 2022

Endeleg er det Kulturskulevekene igjen i Moster Amfi! Elevane ved Bømlo kulturskule får i år mulighet til å vise fram kva dei gjer på innanfor dei fire veggene i Bømlo kulturhus. I to veker vert Amfisalen fylt med spanande kunstverk og vakre tonar frå ulike instrument. Moster Amfi gler seg til å få huse denne flotte gjengen med elevar og lærarar og er spent på kva dei har på tapetet i år!

Det vert sal av billettar til konsertane i Amfikafeen før kvar konsert. Her vert føresette og nær familie til elevane prioriterte i første omgang, men dette kan endre seg alt etter kva for nasjonale retningslinjer som kjem.

Det vert sal av kafemat før konsertane.

Kunstutstillingsopning:

– Laurdag 5. februar 2022 kl.12.00.

Utstillinga blir ståande fram til fredag 18.februar. Her kan ein kome innom for ein kikk i opningstidene til Moster Amfi.

Datoar for konsertar:

– Søndag 6. februar kl.18.00
– Torsdag 10.februar kl.18.00
– Søndag 13.februar kl.18.00
– Torsdag 17.februar kl.18.00


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024