Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Kristina frå Duvemåla

Date

aug 04., 2021 - aug 14., 2021

Time

21:00 - 0:00

Bømlo Teater vil på ny setje opp ein musikal i Moster Amfi i august 2021. Me kan stolt presentere Norgespremie på: Kristina frå Duvemåla

Ein svensk musikal bygd på Vilhelm Mobergs utvandrarepos.
Av Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Lars Rudolfsson.

Kristina frå Duvemåla er ein stor musikal, med fantastisk musikk og ei sterk historie som passar perfekt for Bømlo, vestlandet og Moster Amfi. Det blir fyrste gong musikalen vert sett opp på ein norsk scene i fullversjon, og med norsk tekst.

Musikalen skildrar livet til Kristina frå Småland i Sverige på midten av 1800-talet. Det er eit nådelaust liv for fattige bønder, og saman med borna og sitt livs kjærleik, Karl-Oskar sel dei garden og emigrere til USA. Dei slår seg ned i Minnesota, kor livet byr på andre, men like store utfordringar som heime i gamlelandet. Historia om Kristina er ein hyllest til dei, som ut frå tvingande grunn forlot det kjente og kjære, gjorde den farefulle reisa over havet og laga seg eit nytt liv i eit ukjend land. Musikalen inneheld kjende songar som mellom anna Ut mot et hav, Vildgräs, Guldet blev till sand og Du måste finnas. Bli meir kjent med musikken og songane på Spotify.

På scena vil ein sjå eit ensemble på 70 skodespelarar, ei blanding av profesjonelle og amatørar. I leiande roller får me møte:
• Christine Guldbrandsen som Kristina
• André Søfteland som Karl Oskar
• Mareike Wang som Ulrika
• Anders Gjønnes som Robert
• Espen Hana som Danjel

Orkesteret består av 23 musikarar, leia av Gunvald Ottesen.

Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad.

Musikalen Kristina från Duvemåla hadde premiere på Malmö Musikteater i Oktober 1995. Den veksla deretter mellom Malmö og Göteborgsoperaen før den fekk sin etterlengta Stockholm-premiere på Cirkus i Februar 1998. I Malmö blei det spelt 194 førestillingar, i Göteborg 125 førestillingar og i Stockholm 352 førestillingar. Over 1 million menneske har sett Kristina från Duvemåla på scenen i Sverige.


Timeplan

Kristina frå Duvemåla

4.august - kl.21.00
Premiere

Kristina frå Duvemåla

5.august - kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

6.august - kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

7.august - kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

8.august - kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

10.august - kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

11.august - Kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

12.august - Kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

13.august - kl.21.00
Forestilling

Kristina frå Duvemåla

14.august - Kl.21.00
Siste forestilling

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024