Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Konsert med Østerlide i Moster gamle kyrkje

Date

mai 28., 2024

Time

19:00 - 20:00

Tysdag 28. Mai kl. 19.00, inviterar vi til intimkonsert i Moster gamle kyrkje med bandet Østerlide.

‍

Gjennom grenselause musikktolkingar kler Østerlide folkemelodiar i nye draktar. Vi får servert bloddryppande historiar frå mørkaste mellomalder, mirakler og gjengangarar, kjærleik og inderleg himmel-lengsle. Sentralt står som før dei uslitelege og tidlause folkemelodiane som er forma og slipt gjennom århundrene. Når melodiane og historiene blir forma på nytt i Østerlides lydverd får dei nye sjatteringar av fargar, lys og skygge, sjølv om dei fortsatt er dei same: – Nye og gamle på same tid!

‍

Vi gler oss til å sjå dei under Jubileumsveka på Moster!

‍

Kjøp billettar her(Tilgjengeleg frå 26.03)

Billettpris: 300 kr + billettavgift

‍

Vokal:

Liv Ulvik

‍

Gitarer:

Andreas Haddeland

‍

Salgverk:

Ulrik Ibsen Thorsrud

‍

«Liv Ulviks svimlande vakre kveding møter det botnsolide kompet Andreas Haddelands strenger og Ulrik Ibsen Thorsruds perkusjon, og saman lagar dei fascinerande og fengslande musikk» (Folkemusikk)

‍

«Det er dette som gjør Østerlide radikale og nyskapende, og eminent hørverdige.» (Morgenbladet)

Konserten er støtta av Norsk Kulturråd og Creo Vestland

‍

Les meir om bandet Østerlide.

‍

Foto: Ingvil Skeie Ljones


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024