Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Date

nov 28., 2020 - nov 29., 2020

Time

11:30 - 16:00

Kompani Andersen og Moster Amfi ønskjer velkomen til ei spanande lita julefortelling.
Den handlar om Engelen Gabriela som får eit engleoppdrag saman med Englemamma.
Dei må reisa til jorda for å hjelpa ein liten nissegut som er i sorg.
På sin veg møter Gabriela nokre små, fnisete mus og ein gjeng reinsdyr som øver til juleshowet sitt.
Reinsdyra er skikkeleg bekymra for Rudolf, som har lagt seg sjuk midt i julestria, og midt oppi alt er Engelen Amor uheldig og skyter ei pil rett i hjarta til Gabriela, som vert hovudstups forelska i Nisseguten ho er sendt ut for å hjelpa. Nisse- Lise vil berre kyssa, og pakkemaskinen går heilt i stå.
Korleis skal dette gå? Vert nisseguten glad igjen? Vert det jul i Nisseland? Vert det noko kyssing på Nisse-Lise? Og kva i all verden er i vegen med Rudolf?

Førestillinga vert spelt i Amfisalen. Det er plass til ca. 30 personar. Det løner seg å vera tidleg ute og sikra seg plass!
Det er fint om de bestiller i kohortar. Retningslinjer vedr. Covid-19 vert følgt.


Timeplan

Forestilling

1130 - -
Gabrielas jul
1300 - -
Gabrielas jul
1430 -
Gabrielas jul

Forestilling

1130 - -
Gabrielas jul
1300 - -
Gabrielas jul
14.30 - -
Gabrielas jul

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024