Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Foredrag med professor Paul Otto Brunstad

Date

des 04., 2024

Time

18:00 - 19:30
Rettferd – ei kraft til det beste eller verste for fred og fridom?
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er særs glad for å ynskja velkomen til foredrag med professor Paul Otto Brunstad, onsdag 4. desember kl. 18:00 i Steinsalen.
Velkomen til eit høgaktuelt foredrag om verdiar, rettferd, tryggleik, menneskeverd og eit demokrati under press.
Rett og rettferd er ein berebjelke i eit kvart menneskeleg fellesskap. Som ei av dei fire guddommelege søstrene som Landslova løftar fram, er denne søstera likevel den mest problematiske og tvetydige. På sitt beste bidreg denne søstera til fred og velstand, på sitt verste til mykje liding og smerte. Rett og sjølvrettferd utan nåde og plikt, vil undergrave den fred og dei verdiar rettferda i utgangspunktet skulle sikra. Korleis skal me då komma til rette med denne fjerde søstera i tider der menneskeverd og demokrati blir truga frå mange kantar? Kva er kjernen i den byggande og tryggande rettferda som Landslova i si tid ynskte å fremma i vårt land?
Paul Otto Brunstad arbeider til dagleg som professor ved pedagogikkseksjonen ved HVL i Bergen. Han har tidligare jobba med leiarutvikling på Sjøkrigsskulen i Bergen, på Luftkrigsskulen i Trondheim, ved NLA høgskulen i Bergen og ved VID vitenskapelige høgskule i Bergen og i Oslo. Han har skrive fleire bøker og artiklar om etikk, pedagogikk og leiing
Billettar kjøper du via lenkje eller i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024