Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Daniel Kvammen – Konsert

Date

jun 05., 2022

Time

20:00
Velkomen til konsert med Daniel Kvammen i Moster Amfi. Konserten er ein del av Mostradagane 2022 og ein del av feiringa av jubileumet, Moster 2024.

Daniel gav ut sitt fjerde album «Guta som gret» i haust, ei skive som leverte ikkje mindre enn seks radiosinglar og draumesamarbeid med både Gabrielle og Aslag Haugen frå Hellbillies. 25. mars kom deluxe versjonen av albumet med fleire nye låtar. På same tid er han også TV-aktuell som deltakar i TV2s Kompani Lauritzen, og denne sommaren kjem han til oss i Moster Amfi!

Kvammen har spelt konsertar på alt frå landet sine største festivalar, til ein mykje omtalt hytte-turné på Hardangervidda. Frå Gaustadtoppen til Rockefeller. Ulike format, men alltid same nærvær for eit stadig vaksande publikum. Kvammen sine låtar har vist seg like sterke, anten dei framførast med fullt band, som nedstrippa triovariant, eller framført av den folkekjære artisten aleine.

Me gler oss til Daniel Kvammen med band kjem på besøk til Mosterhamn, i vår nydelege utearena i Moster Amfi!

Dørene opnar kl. 19.30.

Ordinærbillett: 325 kroner
Ungdom under 18 år: 180 kroner

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024