Berre skinn og bein
Date
Time
«Berre skinn og bein»
Det er berre skinn og bein! Eller er det berre skinn og bein?
Skinn og bein har ei unik evne til å vekke kjensler, då det er noko naturleg og spanande med både utsjånad og tekstur. Det er mjukt, det er glatt, det er varmt, for nokre er det skummelt og for andre er det vakkert!
I mange år har Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter raust fått tilført skallar og skinn frå ein ekte «husven», Gudmundur Baldursson. Flotte skinn har prega veggar i amfiet og mang ei hand har klappa Selma Sel og kjent på dei ulike strukturane i skinn og håret til Otto Oter.
Dei ulike skinna, skallane og beina har vore ein bonus i formidlinga om vikingar og nasjonalhistoria, samt eit estetisk tilskot i høve Moster Amfi sitt visuelle uttrykk og merkevarebygging. Skinn har fylgt menneske frå fyrste stund! Skinn skapar engasjement!
Samlinga i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er blitt så stor, at me vil ynskja velkomen til opning av utstillinga «Berre skinn og bein», tysdag 28. april klokka 13:00.
Utstillinga er Hanne Vihovde sitt initiativ. Ho har vore tilsett i 17 år i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter og er den som kjenner senteret si historie og «dyresamling» best. Saman med Gudmundur Baldursson vil dei opne utstillinga, samt lede dykk gjennom senteret der fortellingane om dyra vil bli levandegjort.
Gudmundur som er busett på Bømlo er frå Island, der han er oppdratt med respekt for dyr og fuglar og oppvaksen med historia og myter om dyr og fuglar. Dei spanande fortellingane har han delt med Moster Amfi sine tilsette i ei årrekkje. Me gler oss nå til at fleire skal få høyre, kjenne og lære!
«Interessa for fangst og fiske har eg frå barndommen, der eg var oppvaksen som minstemann av ni søsken, på gard med sau og pelsdyroppdrett. Eg har alltid hatt ei interesse for formidling med bruk av naturmateriale som skinn og bein. Gamle leiker med bein og skjell var en del av min barndom!» fortel ein engasjert Baldursson. Gudmundur har hatt ein lidenskap for jakt og fangst frå 5-6 års alderen og arbeid med foredling av skinn og skallar som minner frå jakta.
Skinna og beina i utstillinga har ein ting felles, dei skapar kjensler og dermed debatt. For Gudmundur har det vore viktig å fremma dei fine og reine materiala som kan knytast til ei anna tid. Spesielt i høve bruk av plast og nylon i dag, der ein før nytta reine og naturlege materialar til bøker, klede, verktøy og leiker til born.
Me ynskjer at de tek «beina på nakken» til opning av «Berre skinn og bein»! Kva snor eller reiskap som blir nytta til denne markeringa er det kun Vihovde og Baldursson som veit. Me lovar likevel at det er trygt å koma, for både folk og dyr!

