«

  • 17:00

Støttelaget for Moster Gamle Kyrkje har jubileum i år! I 60 år har laget jobba for å ta vare på den historiske steinbygningen. Fagfolk reknar kyrkja som den eldste i landet. 

Årets første utekonsert i Moster Amfi er ein jubileumskonsert for Støttelaget for Moster Gamle Kyrkje! Moster har spanande vikinghistorie, Noregs eldste kyrkje og ikkje minst komponisten, gitaristen og songaren Kenneth Sivertsen å vera stolt over!

I høve jubileet ønsker Støttelaget å heidra Kenneth Sivertsen og den vakre, varierte musikalske arven han har etterlatt seg.

Vokalist Arne Kvarven , gitarist Joakim Vikanes og Håkon Tolås på tangentar presenterer perler frå den store samlinga til Kenneth Sivertsen. Alle tre har eit spesielt forhold til Sivertsen sin musikk.

Arne Kvarven har utdanna seg som klassisk tenor ved Griegakademiet, og kaster seg ut i alt frå operaarier til rockeballader og viser. Songaren har vunne solistkonkurransen NINA solo Competition, gitt ut eige album namngitt «Diktarkjærleik» med pianisten Audun Kayser, og fått tildelt Kenneth Sivertsen -prisen.  Kvarven hevdar at musikken til Kenneth Sivertsen og kanskje spesielt dei mange visene han har komponert, har vore med på å forma det musikalske utrykket han står for, med sin melodiøse og tekstforsterkande stil.

Joakim Vikanes er gitarist, arrangør og låtskrivar frå Moster og har etterkvart erfaring frå musikaloppsetjingar både i West End i London og i Moster Amfi. Han vart tidleg kjend med Sivertsen sin musikk, noko som har hatt stor påverknad på hans musikalske uttrykk. Med trioen Eik har han tolka Sivertsen sine låtar, eit arbeid som har resultert i viseboka med Sivertsen sine viser.

 

Håkon Tolås, pianisten frå Moster har utvikla ein særeigen spelestil. Fleire år som Music Director i ein menighet i London, har vore noko av det som har sett sitt preg på tonane han tryllar fram på tangentane. Han har gitt ut eigen cd, er ein allsidig pianist og har ved fleire høve framført musikk av Kenneth Sivertsen.

Corona har stengt all drift i amfiet heile våren. Mostraspelet vart eitt av mange avlyste arrangement, men endeleg kan me ønskja velkommen til ei nydeleg, musikalsk «live» oppleving i det unike ute-amfiet vårt!

Me følgjer alle statlege retningslinjer i forhold til Covid-19. Difor er det m.a. kun sal av billettar på Bømlo.net med redusert antall plassar.

Bill: https://bomlo.net/