Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland. Her kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Noreg og besøkje Moster gamle kyrkje. I tillegg arrangerer me ei rekke kulturopplevingar både på utendørsscena, i amfisalen og i kafeen.
Opningstider frå 19.05.2026:
Tirsdagar er det kafè- og biblioteksdag kl. 11:00 – 15:00.
Onsdag, torsdag og fredag har du høve til å vitja utstillingane: «Frå heidendom til kristendom», «Steinriket Bømlo» og «Frå makt til rett – kven har makt?» kl. 10:00 – 14:00.
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er også open på førespurnad.
Ta kontakt på e-post eller telefon, så skreddersyr me eit opplegg!
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter forvaltar nasjonalhistoria og tilbyr guida omvising i Moster Gamle Kyrkje, utstillinga «Frå Heidendom til Kristendom», «Steinriket Bømlo» (gruvetunnell) og ny utstilling som opna 01. juni 2024: «Frå makt til rett – kven har makt?».
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter har eigen kafè der det er høve å kjøpe «søtt og salt» og billettar til dei ulike utstillingane.
Moster Amfi er nøkkelstad nr. 6 i Kystpilegrimsleiden og du har høve til å få stempel i Pilegrimspasset ditt, eller kjøpe pass i vår Kaupang.
I Moster Amfi kan du utforska fortid og notid – på eiga hand eller med andre!


