JULEMARKNAD I MOSTER AMFI
Date
Time
J U L E M A R K N A D i Moster Amfi – 2 0 2 6
Som alltid, me gler oss til årets marknad!

Laurdag 21. og søndag 22. november, klokka 11:00 -17:00.
Tradisjonen tru, det er tid for julemarknad i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter!
Du er hjarteleg velkomen til den trivelege marknaden i Moster Amfi!
Klarar me i år også å bli Sunnhordland sin største julemarknad? Me har stor boltreplass i lounge, Steinsalen og Svalgangen, så me «tokkar» oss saman!
Her blir det julestemning, julegåver, og julemat – gode lukter og gode smakar. Tradisjon og litt nytt!
Den tradisjonsrike julemarknaden blir halde over to dagar, frå 11:00 om morgonen til klokka 17:00 på ettermiddagen, laurdag og søndag.
Me gler oss til yrande liv, med flotte marknadsfolk og faste og nye besøkande som ynskjer å gjera ein god handel!
Velkomen til julemarknad i Moster Amfi!
