Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Dagfinn Lyngbø – FOLK

Date

aug 22., 2026

Time

21:30 - 22:45
Stand Up Norge AS presenterer
«DAGFINN LYNGBØ – FOLK» (TV-OPPTAK)

 

MOSTER AMFI
LØRDAG 22. AUGUST

 

«Dagfinn Lyngbø – FOLK» har gått sin sigersgang over det ganske land og aller siste førestilling skal filmast under unike og spektakulære forhold!
Etter over 200 spelte førestillingar og ca. 100.000 solgte billettar skal «Dagfinn Lyngbø – FOLK» avsluttast med eit smell på Moster Amfi – og det heile skal filmast for TV.
Folk er høgt oppe blant tema me snakkar mest om: Kjentfolk, familiefolk, sure folk og stortingsfolk. Mannfolk, kvinnfolk og mediefolk. Og finansfolk, fjellfolk, urfolk, askøyfolk og influensere. De forstår greia.
Når ein av landets morosamaste standupfolk snakkar om andre folk blir det mykje å le av og kjenne seg igjen i. Denne gongen har Dagfinn med seg ein av sine absolutte favorittfolk, nemleg musikar og besteven Bjarte Jørgensen. For nokre fine folk!
Me gler oss enormt til at folk igjen skal få oppleve eit nytt show med folkekjære Dagfinn.

 

«Det er så gjenkjennelig at hele salen brøler av latter»
– AFTENPOSTEN

 

«Dagfinn Lyngbø er fremdeles av norsk humors aller beste komikere»
– NRK

 

Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med førestillingane «Ka e’ vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) , «Supersmud» (2017) og «Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars» (2020), som til saman har solgt godt over ein halv million billettar og mottatt ikkje mindre enn åtte Komiprisar, noko som understrekar hans posisjon som landets mest populære komikar.

 

Det einaste me veit for sikkert er at når Dagfinn lagar show, så kjem det FOLK!

 

Velkomen til ei heilt spesiell oppleving!

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024