Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Mostraspelet: I Slik Ei Natt

Date

jun 04., 2026 - jun 06., 2026

Time

21:00 - 23:00
Mostraspelet «I slik ei natt» er tilbake i Moster Amfi 4.-6. juni 2026– ti år etter den storslåtte urpremia i 2016.
Spelet tek oss med på den dramatiske reisa til Olav Haraldsson før han kom til Moster og sette kristenretten i 1024. Vi følgjer det unge kongsemnet, etterkomar etter Harald Hårfagre, gjennom opplevingar som forvandlar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne skikkelsen som seinare vart kjent som Olav Digre, Heilag Olav – Noregs evige konge (Rex perpetuus Norvegiae).
Manuset er skrive av Svein Tindberg, musikken er komponert av Kjetil Bjerkestrand, og scenografi og kostyme er ved Gjermund Andresen.
Etter jubileumsåret i fjor gler me oss til å halde fram med å fortelje denne viktige historia rundt kristenretten – eit grunnlag for det demokratiet vi har i dag.
Billettane blir lagt ut for sal seinare i haust – men set av datoane 4.–6. juni 2026 allereie no. Me lovar ei stor oppleving i Moster Amfi – og planlegg fleire arrangement denne helga.
Følg Bømlo Teater utover hausten og vinteren for nyheiter om ensemble og tilbakeblikk på dei ti åra som har gått sidan urframføringa!
Hald deg oppdatert i høve kjøp av billettar og tidspunkta for forestillingane.


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024