Det er sommar i Moster Amfi og du er hjarteleg velkomen!
Kvar dag kan du oppleva eit varmt vertskap som vil gjera opphaldet ditt så godt som mogeleg! Her kan du vera med på omvisning i Moster gamle kyrkje, sjå utstillinga «Frå heidendom til kristendom» og gå ned «under jorda» for å oppleve steinutstillinga, «Steinriket Bømlo».
I Moster Amfi sin flotte kafè kjøper du billettar til dei ulike utstillingane, samt at du kan nytta høve til å ete «Plyndreplank» eller kva med ein «Berserk»? Maten med dei spanande titlane kan du nyte innan- eller utandørs.
Me gler oss til å møta deg! Velkomen til SOMMAR i Moster Amfi!
Moster Amfi er ope tysdag – søndag, klokka 11:00 – 16:00.