historia utstilling

I vikingtida var sjøferdsla særs viktig. Vestlandet var i sentrum i landet, og midt i dette området låg Bømlo og Moster.

Det er difor ikkje til å undrast over at Moster har fått så sentral plass i det norske historiebiletet på 1000 talet, då kristninga av landet kom i fokus.

På Moster vert denne historia gjort levande. Tre av dei store vikingkongane i norsk historie er knytt til den tidlegaste misjonshistoria; Håkon den Gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldson. Alle er dei, kvar på sin måte, knytt til Moster.

Minnesmerka er mange; den gamle kyrkja frå 1100-talet, som seiest å vera den eldste kyrkja i landet, steinkrossen på Vetahaugen, kongesteinen og minnestøtter.

I mellomalderen vart det tatt ut og brent kalk mange stadar i Sunnhordland. På Moster var det fleire kalkbrot og dette var ei viktig attåtnæring heilt fram til vår tid.    Eit av desse kalkbrota er i dag Moster Amfi.