Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Prisvinnar og olympisk meister vitjar Moster Amfi

Søndag tok Birgit Skarstein sitt femte OL-gull. Laurdag kjem denne råsterke og modige kvinna til Moster Amfi, som verdig vinnar av Tora Mostrastong-prisen 2022!

Laurdag 1. oktober kjem årets Tora Mostrastongvinnar til Moster Amfi. Den ærefulle prisen blir delt ut til «kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse». Prisen har form av ein statuett – ein kopi av Tora-statua ved gamle Moster kyrkje.

Birgit Skarstein oppfyller kriteria for denne gjeve prisen. Vil du vera med å møta vinnaren, samt høyre hennar historie? Det kan du! Følg denne lenkja: https://mosteramfi.no/hendingar/4159/

Kven var Tora som har fått ein pris i sitt navn?

Vikingkvinna Tora høyrde til ei av dei gjævaste ættene på Bømlo og Vestlandet. Ho fekk truleg tilnamnet Mostrastong fordi ho var høgreist, vakker og stolt. Harald Hårfagre møtte Tora på Moster, og ho kom i teneste hos han. I denne tida av historia vår var det også vanleg at folk av god ætt, tjenestegjorde hos kongen. Tora var 17 år, Harald var 70 år, og deira forhold der han som konge og ho som frille (elskerinne) enda i graviditet. Ugift og ung, fødte hos sin «uekte son», Håkon.

Styrken ho viste i dette samfunnet, som ugift og gravid var sterk, modig og uredd. Høggravid reiste ho til Harald Hårfagre som då var på kongsgarden sin på Seim. Ved langgangen på Sigurd Jarl sitt skip fødte ho sonen deira, Håkon. Tora krov at guten skulle få veksa opp på kongsgården, noko Harald Hårfagre tillot. Som ti-åring blei han sendt til England, til kong Adalstein for å fostrast opp der. Dette viser at han blei behandla som Harald Hårfagre sin son, då mange unge prinsar frå fyrstehus over heile Europa kom her til oppfostring og utdanning.

Tora Mostrastong kjempa for sonen sin og hans verde. Som mor, støtta ho guten sin, også i arbeidet hans med kristninga av Norge. Håkon skreiv seg inn i historiebøkene med å bli Håkon den gode, Adalsteinsfostre. Det samme gjorde Tora, som ei sterk, uredd og modig kvinne.

Statua over Tora på Moster vart reist blant anna som eit symbol på den viktige rolla kvinner har spelt, men som ikkje har fått særleg plass i historiebøkene.

Grunngjevinga til Foreninga Tora Mostrastong for årets verdige vinnar:

I vedtektene Til Foreininga Tora Mostrastong står det følgjande om kriterier for tildeling av prisen:

«Tora Mostrastong-prisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.»

Birgit Lovise Røkkum Skarstein vart tidleg ein aktiv og samfunnsengasjert person som bidrog både i inn og utland. Etter ei dramatisk sjukehistorie vart livet og føresetnadene hennar endra. Likevel bevarte ho både styrke, humør og pågangsmot, og heilt sidan ho deltok i Lars Monsen sitt TV-program «Ingen grenser» har ho gjort eit djupt inntrykk med sin ukuelege vilje, sitt strålande humør og smittande engasjement.

Ho har gjennom å setja eigne mål, og hardt arbeid for å nå desse, synt at det er mogeleg å oppnå store draumar i livet. Gjennom suksess på idrettsbanen og aktivt samfunnsengasjement har ho vore eit stort førebilete og rollemodell for både funksjonshemma og andre.

Som såkalla «sosial entreprenør» syner ho omsorg for menneske rundt seg og har engasjert seg i spørsmål om utanforskap og inkludering. Ho sit også som styremedlem i ei rekkje styre og organisasjonar, og har m.a. vore utøvarrepresentant  i den internasjonale paralympiske komite i perioden 2018-2022.

Styret meiner Birgit Lovise Røkkum Skarstein fullt ut fyller foreininga sine kriterie for tildeling av Tora Mostrastong-prisen.

Prisen skal delast ut på det årlege Tora-treffet som i år er 1. oktober.

Me gratulerer!

Tidlegare Tora Mostrastongprisvinnarar

2009: Hanne Sophie Greve:

For sitt internasjonale arbeid med menneskerettane

2010: Kronprinsesse Mette Marit:

For sitt initiativ og uredde innsats for svake grupper i samfunnet

2011: Astrid Nøklebye Heiberg:

For sitt mangeårige arbeid gjennom Rød Kors og Røde Halvmåne.

2012: Anne Randine Øverby:

For sitt store engasjment og innsats for kultur og samfunn.

2013: Sunniva Gylver:

For stor samfunnsinnsats, mellommenneskeleg kommunikasjon og brubygging på tvers av  kultur og religion.

2014: Ingvill Konradsen Ceide:

For humanitært arbeid på Haiti gjennom mange år.

2015: Gerda Rongevær

For sitt sterke humanitære engasjement i Uganda

2016: Maria Parr

For å vera  kulturformidlar – særleg retta mot barn og ungeGjennom bøkene sine løftar ho fram kulturarven vår i språk, miljøskildring og kommunikasjon mellom generasjonar.

2017: Ada Sofie Austegard

For sitt initiativ og engasjement for: Ein barndom utan vald.

2018: Hilde Reikrås

For sitt langvarige arbeid i politiet for å avdekkja overgrep mot barn.

2019: Iram Haq

For filmen «Hva vil folk si?» og den kulturelle innsatsen hennar gjennom mange år.

2020: Lindis Hurum

For mange år med hjelpearbeid  verda over for «Leger uten Grenser»

2021: Margreth Olin Mykløven

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024