Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Moster 2024

Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske Senter arbeider mot eit nytt 1000-årsjubileum på Moster i 2024.

I 1024 fekk kong Olav Haraldsson, assistert av biskop Grimkjell, vedteke nye lover på Mostratinget. Desse lovene vart seinare godkjent og sett i kraft ved dei ulike tingseta. Med Kristenretten vart nye verdiar lagt til grunn for lovverket. Menneskeverd og respekt for livet stod sentralt.

Moster Amfi og eigarane Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune ser for seg eit riksjubileum med sentral markering på Moster. Ein er og oppteken av at det vert utarbeidd undervisningsopplegg om aktuelle tema som verdiar i lovverket.

900-årsjubileet vart feira 29. juli i 1924 i nærvær av kong Haakon VII og fleire tusen deltakarar. Då vart krossen på Vetahaugen reist.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024