Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Moster Amfi var med på feiring av Regionalt Pilegrimssenter Bergen

Regionalt pilegrimssenter Bergen er eit av fire regionale pilegrimssentre langs Kystpilegrimsleia. Tirsdag 29. mars var det offisiell opning av senteret, med Moster Amfi og andre viktige aktørar som gjester. Regionalt Pilegrimssenter har som oppgåve å tilrettelegga hjelp og støtte til pilegrimer, næringsliv, organisasjoner og interessenter, ved dei fem sørligaste nøkkelstadene i Vestland fylke.

Dei fem nøkkelstadane Regionalt Pilegrimssenter Bergen har eit spesielt ansvar for å samarbeide og koordinere med er:

Me gler oss til det vidare samarbeidet!

Ynskjer du å vitja oss som Pilegrim?

Dette er vårt Pilegrimsstilbod:

Moster gamle kyrkje

Det einaste som er bevart av kyrkjas mellomalderutstyr er ei kyrkjeklokke frå første del av 1200-talet med eit relieff av St. Olav støypt inn. Inventaret i kyrkja er frå 1600-talet og i renessansestil, og flotte kalkmaleri dekker store deler av veggane. I 1995 feira den norske kyrkja sitt 1000 års jubileum nettopp på Moster. I samband med dette vart det bygd hus til ei religions-historisk utstilling: «Frå hedendom til kristendom». Her er det også forsamlings-rom og kafeteria

Moster Amfi

Moster Amfi vart opna som teater- og konsertarena til urpremieren på Mostraspelet i 1984. Før 1000-års jubileet i 1995 vedtok Bømlo kommune å foreta ei større utbygging av anlegget og frå stiftinga kom det forslag om å gjera plass til ei religionshistorisk utstilling.

Moster Amfi framsto til feiringa av 1000-årsjubileet som eit funksjonelt kulturbygg med nytt inngangsparti, ny billettkiosk og kafeteria og ein utearena med 1200 sitjeplassar.

Scenen vart og utbetra og det vart laga tunnel i fjellet frå friluftsscena til det religionshistoriske senteret, med utstillinga frå “Heidendom til kristendom”, amfisalen og amfikafeen.

Anlegget er bygd inn i fjellet i bakkant av uteamfiet. Det har ei spanande arkitektonisk løysing tilpassa terrenget og er ikkje for ruvande i forhold til Moster gamle kyrkje.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024