Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Kalknetter i Mosterhamn

Me tek oppatt den gamle kalktradisjonen i Mosterhamn. Ein ny «mellomalderomn» er bygd. No skal det brennast dag og natt for å lage kalk til restaurering av gamle stein- og murbygningar på Vestlandet, og du kan vera med!

Det er ei stor hending, og me inviterer til å sjå korleis ein kalkomn fungerer. Det er ild, varme, røyk, hardt arbeid og mykje moro.

Det vil bli føredrag om marmor, kalk og kalkhistorie og demonstrasjonar av lesking av kalk og blanding av kalkmørtel. Seminaret er eit gratis tilbod til alle som ønsker å lære om eit av verdas viktigaste handverk i eldre tid. Ein kan komme og gå til visingar og demonstrasjonar ei heil veke, og ein kan vere med å fyre. Onsdag kveld er det føredrag i Moster Amfi.

Velkomen til brenning av kalk på tradisjonelt vis i Mostratunet!

Måndag 18. – Laurdag 23. april 2022:

Program

Måndag 18.04.:

Fylling av omnen med 10 tonn marmor. Vising av kvelv, stabling og trekkopningar. Vi fyrar opp omnen. Vising av korleis ein fyrar i starten av ei brenning.

Kl. 17: Demonstrasjonar ved omnen.

Tysdag 19.04.:

Brenning: Visning av korleis ein held på varmen i omnen (tildekking på toppen) og korleis ein tolkar flammar, glød og røyk.

Kl. 17: Demonstrasjonar ved omnen.

Onsdag 20.04.:

Brenning: Visning av korleis ein tolkar brennforløpet.

Kl. 09.30: Besøk av 5. trinn ved Moster Skule

Kl. 10:30: Besøk av Espria Barnehage

Kl. 13:00: Ofisiell opning av kalkomnen, v/ Ordførar Sammy Olsen

Kl. 17: Demonstrasjonar ved omnen.

Kl. 19: Føredrag om kalk og kalkhistorie v/ Per Storemyr og Tore Granmo i Amfisalen.

Torsdag 21.04.:

Brenninga blir avslutta: Visning av korleis ein vurderer når brenninga er ferdig (lesking, glød, blålege flammar).

Kl. 17: Demonstrasjonar ved omnen.

Fredag 22.04.:

Omnen blir kjølt ned under overvaking.

Laurdag 23.04.:

Tømming av omnen: Visning av vurdering og sortering av den brende kalken (lesking, opning av brend stein, pakking i lufttette tønner).

Fagleg ansvarlege: Kalkbrennarane Tore Granmo (tradisjonsmurar), Bent Morten Steinsland (byggje-og brennleiar) og Per Storemyr (geolog).

Seminaret er gratis.

Forfriskningar ved omnen.

Vil du vere med å fyre må du ta med arbeidsklede og verneutstyr (vernesko, ullgenser, vernebriller, støvmaske, smedhanskar). Brendt kalk er etsande.

HMT vert ivareteke.

Vi treng påmelding til føredrag onsdag, innan 13.04., til:

Nina M. Olsen, Moster Amfi, nina@mosteramfi.no, 97542078 (med namn, epost, telefon).

Kalknetter i Mosterhamn er eit samarbeid mellom Moster Amfi AS og Fabrica kulturminnetjenester.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024