Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Invitasjon: Kurs i tradisjonell grindbygging ved Åreiddalen på Bømlo

Me inviterer til kurs i tradisjonell grindbygging for alle som er interessert i dette. Du treng ingen forkunnskaper for å delta, men kunne handtere verktøy.

Dato: 28.-30.januar 2022
Klokkeslett: kl.8.00-16.00
Stad: Innandørs i sagbygget i Åreiddalen på Bømlo
Kursavgift: kr 1900,-
Påmeldingsfrist 21.januar 2022
Påmelding til: post@mosteramfi.no v/ Nina Meldahl Olsen mob.: 97542078

Ved påmelding: fullt navn, adresse, epostadresse, fødselsår og telefonnummer.

Første halvdel av 2022 skal det byggast ein kalkomn i Mostratunet som ligg rett ved Moster Amfi og Moster gamle kyrkje på Bømlo. Kalkomnen skal ha eit grindbygg som tilbygg. For å bygge delar til grindbygget, arrangerer ein kurs i den gamle byggetradisjonen. Grindbygging krev lite grunnarbeid og gir ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit raskt og fleksibelt byggesystem. Hovudkonstruksjonen til huset blir reist på ein dag og to, og du får eit bygg som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ønskeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å videreføre ein av dei eldste byggemetoden vi kjenner i Noreg. Lær deg å bygge grindbygg med lokale tradisjoner frå Vestlandet/Bømlo i regi av Kjell Erling Digernes ved Åreiddalen på Bømlo.

Kurset består av tilpassing og tillaging av dei tradisjonelle delane til eit tradisjonelt grindbygg og litt historie rundt grindbygging.
Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a. løer, naust, grillhus, hagestuer og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har truleg historiske røter 3 – 4000 år attende i tid.
På kurset vil du lære dei prosessane som skal til for å byggje eit grindbygg.

Kursavgifta inkluderer kaffi under arbeidsdagen.

Det du må ta med deg er:

  • Niste
  • Verktøy som: Brett stemjern, lita handklubbe, handsag, vinkel, tommestokk med tommer og cm, øks/bile, eventuelt bandekniv evt motorsag om du har.

Er det noko av dette verktøyet du ikkje har, ta kontakt i god tid så skal me vera behjelpelige med lån/kjøp av dette. På grunn av tidspress vil det bli brukt ein del motorsag. Alle som skal bruke motorsag må ha verneutstyr som vernebukse, hjelm med hørselsvern og visir. Alt verktøyet må vera kvast.

Ved spørsmål vedr. kurset, ta kontakt med:
Kjell Erling Digernes
mob: 97523949
E-post: kedigernes@sikje.no

Bent Morten Steinsland
mob:90991241
E-post: bentmorten@hotmail.no

Overnatting kan ordnast. Ta gjerne kontakt med Kjell Erling Digernes eller Moster Amfi angående overnatting.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024