Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

STADNAMN PÅ MOSTER

Date

nov 14., 2023

Time

18:00 - 20:00
Velkomen til STADNAMN PÅ MOSTER!
Tirsdag 14. nov. kl.18:00 kjem Peder Svein Grønås til Moster Amfi.
I 1931 var det ei storstilt stadnamninnsamling i Noreg der skuleborn fekk vaksne til å fylla ut skjema om lokale stadsnamn. Grønås har kopiar av ein del av desse listene og den pensjonerte læraren har engasjert seg i kor mange namn som har forsvunne.
Du er velkomen til Steinsalen, der Grønås skal fortelja om si innsamling av lokale enkeltnamn og hans kommentarar til dette.
Er namna me nyttar i dag rett i høve historia? Kvifor vart det endring? Kor er Olavskjelda? Mange spørsmål som kanskje har fleire svar…?
Me gler oss til ei hyggeleg stund som både gjer oss høve til å mimre, samt bli meir opplyste!
Velkomen til STADNAMN PÅ MOSTER!
Kr. 50,- i inngangsbillett. Du kan kjøpe billett i Moster Amfi sin kafè eller via lenkje.
Det blir høve til kjøp av kaffi og noko å bita i.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024