Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Skapande kvinner i vest

Date

okt 29., 2022

Time

14:00
Velkomen til
SKAPANDE KVINNER I VEST
Prosjektet «skapande kvinner i vest» vil løfte fram kvinnelege lyrikarar og komponistar, med særleg vekt på Signe Seim (93, Voss) si dikting, samt nyskrive musikk av komponist Kjersti Follesø (64, Bømlo). Seim har ein stor produksjon, men er ikkje så kjent utanfor heimbygda, og i relativt liten grad tonesett. I tillegg vil vi ha med verk av andre kvinnelege diktarar som t.d. Inger Hagerup, med planlagd uroppføring av Follesø, samt verk av andre kvinnelege komponistar, som passer inn i heilskapen. Formidlar Johanne Øvstebø Tvedten vil binde det heile saman gjennom diktlesing og forteljingar om kvinnelivet på Vestlandet gjennom tida. Dei musikalske innslaga blir framført av vokalensemblet mMokkat frå Stord, som er ansvarleg for prosjektet. Programmet speglar dei same tema som Seim si dikting: tru og tvil, sorg og glede, livsfasar og nærleik til naturen.
Signe Seim, diktar og forfattar, har mellom anna gjeve ut 9 diktsamlingar, ein roman og to barnebøker. Ho er utdanna lærar, men har sidan 1980 vore forfattar på heiltid. Naturen er ramma for mange av dikta hennar. Ho skildrar dei skiftande årstidene, og dei mange små detaljane i naturen får verdi gjennom orda hennar. Mange av dikta handlar om menneske; om livsglede og vanskelege kjensler, noko som gjer dikta dagsaktuelle. Også trua er viktig i Signe Seim si dikting. Mellom anna har ho i diktet «Missa festum candelaris» ei inderleg bøn til Maria. Dette knyt henne til ei tusenårig tradisjon med bøn og lovprising av Maria som Guds mor.
Johanne Øvstebø Tvedten, forfattar og formidlar, har bakgrunn som drama- og teaterlærer, og har vore formidlingsleiar ved Sunnhordland museum i 17 år. Ho er kjend for å skrive og framføre historiske forteljingar for både unge og eldre, og levandegjere fortida ved å skape indre bilete og eit sterkt engasjement hos tilhøyrarane sine. I tillegg har Tvedten skrive tre bøker for museet som byggjer på intervju. Ho har laga fleire framsyningar med tekster om kvinner, der ho levandegjer ulike kvinner sitt liv.
Kjersti Follesø er medlem av mMokkat vokalensemble, og har dei siste 10 åra skrive og arrangert ei rekke stykke for kor, mellom anna fleire bestillingsverk. Hovudverket er ei messe i seks satsar for a capella damekor. I tillegg til sakral musikk har Follesø skrive mykje profan musikk. Ho har tonesett dikt av ei rekke norske lyrikarar, og har hatt eit samarbeid med Signe Seim. Seim har vore ei stor inspirasjonskjelde for Follesø, og mykje av programmet er knytt til hennar tekstar. Follesø har også tonesett diktet hal maR, som er referert til som det eldste diktet i Norden, funne i runeskrift på ein kam på Bømlo.
Vokalensemblet mMokkat består av åtte kvinner, og held til på Stord. Ensemblet blei starta i 2007 av Maria Malmsten, som er kunstnarleg leiar. mMokkat er eit semiprofesjonelt ensemble. Fire av songarane har høgare musikkutdanning, der tre har song som hovudinstrument. Desse fire har også brei erfaring som kordirigentar, medan dei andre fire er erfarne korsongarar. mMokkat vokalensemble syng a capella, utan dirigent, med dei profesjonelle som musikalske leiarar. Musikken spenner over ulike tidsperiodar og stilartar, med hovudvekt på nyare klassisk kormusikk. Vi ønsker å formidle musikk av høg kvalitet og bidra til å gjere nyare kormusikk kjent for eit større publikum. Ensemblet har gjennom åra hatt mange oppdrag i Vestland, men har òg vore på turne i Finnmark og i Latvia, og hatt samarbeid med lokale kor der. I 2019 deltok ensemblet under kirkefestuka i Molde med konsert i Molde domkirke, og var hausten -19 på turne på Færøyane.
Songarane i mMokkat: 1.sopran: Anne Guro Korsvoll og Ingjerd Kannelønning Kolstad, mezzosopran: Maria Malmsten og Kjersti Follesø, 1.alt: Britt Kristin Balchen og Tone Heide, 2.alt: Siw Vad Haraldsen og Herborg Tegle.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024