Pop-perler frå 50 og 60-talet
				Date
Time
Velkomen til herlige POP-PERLER frå 50 og 60 talet!
Berit Håpoldøy og Erlend Styve har dei siste åra hatt eit musikalsk samarbeid og har spelt ei rekkje konsertar.
Dei har eit lidenskapeleg forhold til populærmusikken frå 50 og 60 talet. Det er frå denne kjelda dei ausar når dei er ute og spelar. Her får du høyra låtar frå Everly Brothers, Elvis, Jim Reeves, Salhuskvintetten og Ivar Medaas for å nemna nokre. Berit tek og nokre låtar på toradar om det er stemning for det.
Berit Håpoldøy er frå Herdla. Ho syng og spelar gitar og toradar. Dei siste 10 åra har dette vore levebrødet hennar. Ho jobbar mykje med allsonggrupper for eldre og demente, men også innan rusomsorg og for mennesker med funksjonsnedsetting. I seinare tid for eit storprosjekt som GC Rieber fondene har starta. Det heiter «skumringstimen» der det blir kartlagt kva helsemessig effekt musikk har for denne gruppa mennesker.
Erlend Styve frå Voss, spelar gitar og syng. Han har gjennom ei årrekke vore aktivt utøvande musikar med ulike musikalske prosjekt. I over 20 år med sin eigen trio «twang gang» og folkemusikkgruppa «Kvarts» som han har hausta to spelemannsprisar med. Men og som musikar i Heine Totland sitt band. Har ellers samarbeidd med artistar som Olav Stedje, Finn Tokvam og Jonas Fjeld
Dørene opnar klokka 19:00.
Konsertstart klokka 20:30.
Arrangementet har 18-års grense.
Alle rettigheter.
