Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Pilegrimsdag på Moster

Date

okt 03., 2023

Time

18:00 - 20:30

Menneske har vore på vandring til alle tider. På leit etter meining og innhald i livet. Pilegrimen søker framover til eit mål. Pilegrimen søkjer også etter å forstå livet sitt i ein større samanheng. Denne dagen vil me oppleve korleis menneske har søkt meining og retning i livet gjennom ulike tider.

Velkomen til omvising i Moster Amfi sin faste utstilling; «Frå Heidendom til Kristendom», samt eit møte med ein pilegrim på veg til Nidaros, på leit etter meining.
Det vert også informasjon om kystpilegrimsleia og ein samtale om den moderne pilegrim og korleis det blir lagt til rette for ei reise langs kysten.
Det vert høve til å kjøpe kaffi og noko søtt.
Medverkande; Nina Meldal Olsen, Johanne Øvstebø Tvedten og Reidar Ådnanes.
Billett kr 150.- (kan kjøpast i Moster Amfi sin kafè).
OBS: Oppmøte ved inngangen til Moster Amfi
Parkering ved Moster gamle kyrkje.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024