Jubileumskonsert og talkshow «På grensa til lovsong» med Bømlo Gospel
Date
Time
Fredag 31. mai kl. 22.00, blir det allsong, lovsong og korsong i saleg blanding, leia av Bømlo Gospel med dirigent Øystein Lund Olafsen. Programmet vert bunde saman av TV-profil Jan Erik Larssen i eit friskt talkshow med nasjonale gjester.
Arrangementet vil ta utgangspunkt i jubiléet sitt motto om å sjå til fortida for å forma framtida – der ein vil løfta fram det positive ved den kristne kulturarven, og kva den kan ha å seia for den nasjonale identiteten vår og verdival framover.
Det vil bli samtalar med både gåande og sjøfarande pilegrimar med fokus på verdival.
Farmen-prest Thor Haavik vil også halde appell med utgangspunkt i dei røtene vi har historisk og etisk frå Kristenretten.
